Ny pers: Herman Hogstad Sveinsson sette laurdag ny personleg rekord på 200 meter. Foto: Seljord IL

Herman med ny personleg rekord

Herman Hogstad Sveinsson frå Seljord sette ny personleg rekord på 200 meter.

I eit stemne på Notodden laurdag forbetra han sin personlege rekord frå 23,22 til 23,04.

– Tida ligg på eit nasjonalt høgt nivå og gjev topplassering på landsstatistikken for gutar 16. Neste mål er å kome ned på 22-talet og slå krinsrekorden på 22,97, melder Seljord IL på Facebook.