Ny pers: Herman Hogstad Sveinsson imponerte i møtet med seniorane på Bislett.

Slo elleve år gamal krinsrekord

Seljordingen blei nummer to i B-finalen på Bislett med ny personleg rekord: 11,41.

I ettermiddag var friidrettstalentet Herman Hogstad Sveinsson på ærverdige Bislett stadion. I Oslo sommerstevne 2020 kan dei som konkurrerer i yngre årsklasser delta mot seniorane. Delar av noregseliten var på plass. Det var totalt åtte kvalifiseringsheat på 100 meter. Sveinsson vann sitt heat med tangering av sin personlege rekord på 11,51.

Det gjorde at han kvalifiserte seg som nest siste mann til B-finalen. Her stilte han som desidert yngst og med minst erfaring, men 16-åringen frå Seljord viste seg verkeleg fram og sprang inn til andre plass og ny personleg rekord på 11,41. Tida er ny krinsrekord, sju hundredelar betre enn den elleve år gamle rekorden til Simen Sigurdsen (Herkules).

Artikkelen held fram under annonsen.

Samanlagt blei han nummer 10 av 62 deltakarar.

Sveinsson deltok også i lengde. Han måtte gje seg etter tre hopp etter at han fekk ein vriding i kneet i landinga. Han blei nummer fem med eit lengste hopp på 6.26 meter – også det ny personleg rekord.

– Så ung, så uerfaren og så respektlaus for dei eldre utøvarane. Det er imponerande og usedvanleg bra! Seljord og Seljord IL gratulerer deg og takkar deg for å sette kånn på idrettskartet i Norge! melder idrettslaget på Facebook.