Blei sett pris på: Herman Hogstad Sveinsson fekk to prisar under krinstinget i Skien førre veke.

Herman (19) blei heidra på krinstinget

Friidrettstalentet Herman Hogstad Sveinsson (19) frå Seljord fekk to av prisane som blei delt ut på krinstinget i Telemark friidrettskrins i Skien førre veke.

Fyrst fekk han «Friidrettens venners kretspris» som blir tildelt jente og gut (18 år) med det beste resultatet i krinsen gjennom sesongen. Sveinsson fekk prisen for resultatet 11.07 på 100 meter. Det oppnådde han i Grorudleikane i mai.

Vidare mottok han Syverstads minnepremie i sprint for det beste resultatet blant herrane i 2022-sesongen. Også her var det 11.07-løpet som var utslagsgjevande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Motstandsmannen Gunnar Syverstad er mest kjend for sin innsats under 2. verdskrig som aktiv motstandsmann som vart skoten av tyskarane like før freden i 1945, men han var også i si tid Telemarks raskaste sprintar. Minnepremien hans vert delt ut kvart år på tinget.

– Utan tvil motiverande for vidare satsing, seier Herman Hogstad Sveinsson om prisane.

Om ein ser på krinsstatistikken så kan ein lese at Sveinsson har åttande beste tid gjennom alle tider i Telemark på 200 meter med tida 22.33 (sett på UM i fjor).

Herman ser nå fram mot utandørssesongen 2023 og er for tida i god trening. Det har blitt mange treningskveldar på Eventyrøy, i tillegg til Skienstur kvar veke. Treningsforholda har vore alt anna enn gode i vinter med mykje snø, vekslande vêr og is på Eventyrøy. Slik sett har ikkje treninga blitt optimal tidlegare i vinter.

Nå er forholda betre, og det ligg an til mykje god trening fram mot sesongen som startar i midten av mai.

Sesongen 2023 blir hektisk i perioden frå juni til starten av september, med senior-NM, junior-NM, UM og VU-spelen i Gøteborg som dei største konkurransane. Over ein periode på berre 2–3 månadar blir det konkurransar på Lillehammer, Bærum, Bislett, Sandnes, Bergen, Jessheim, Skien, Porsgrunn og Rjukan for 19-åringen som også er russ i vår.