Får tips: Herman Hogstad Sveinsson fekk tips frå Tor Reiten på friidrettsbanen på Eventyrøy.

Herman (16) blir inspirert av at friidrettsveteranen Tor (80) fylgjer med

For 60 år sidan var Tor Reiten (80) frå Seljord i noregstoppen i friidrett. Nå håpar sambygdingen Herman Hogstad Sveinsson å fylgje i fotspora.

– Det er inspirerande at Tor er på plass og fylgjer med, seier Herman Hogstad Sveinsson (16).

– Han trena også mykje for seg sjølv i Seljord, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Herman hadde besøk av Tor Reiten på ei av treningsøktene på Eventyrøy der han har bruka mange timar på å førebu årets sesong.

Reiten var i noregstoppen i friidrett på 50- og 60-talet. Ifylgje Seljord IL har han fleire KM-titlar og svært gode tider på dei korte distansane. Han blei blant dei beste i landet på 400 meter hekk, og tok mellom anna NM-sølv på distansen i 1959. Reiten er også æresmedlem i Seljord IL.

Les også
Måndag fylte Tor Reiten 80 år. Det feira han på spinningsykkelen.

Høyrer stemma til trenaren

Oppkøyringa til årets sesong har blitt lite påverka av koronasituasjonen.

– Det har eigentleg gått heilt fint. Me held på med vårt utan å vera for mange saman, seier Sveinsson.

«Me» er Herman og pappa Bent, og Emma Hagen og far Hans Inge.

Men Herman saknar den tette oppfylginga frå trenar Rune Wiborg i Skien. Heldigvis kunne han sist veke, for fyrste gong sidan januar, igjen setje seg på bussen til Skien for å få kyndig rettleiing.

– Eg lèt som Rune er på Eventyrøy og prøvar å høyre stemma hans og fokusere på dei tinga han er opptatt av, seier Sveinsson.

Sveinsson har trena annankvar dag gjennom vinteren og ser fram til å konkurrere i smitteverntilpassa stemne i sommar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Herman er no også med i Team Telemark, ei gruppe unge utøvarar som krinsen plukkar ut. Dei har samlingar eit par gonger i året, og representerer fylket når det er krinskamp mot andre fylke.

Tredje beste telemarking

Nyleg presenterte Telemark friidrettskrins ei oversikt over dei beste unge utøvarane i krinsen i fjor. Her er Sveinsson nummer tre. Lista er basert på Tyvingpoeng. For kvar øving som blir utført i friidrett kan ein rekne ut ein poengsum for prestasjonen. Ved å leggje inn alder og resultat i tabellen, blir det rekna ut ein poengsum for prestasjonen.

Lovande: Herman Hogstad Sveinsson.

Herman Hogstad Sveinsson (fødd i 2004) fekk 1068 poeng i fjor. Poenga er frå då han tok bronse i Tyrvingleikane på Nadderud i finalen på 100 meter med tida 11,55. Han sette også krinsrekord på 200 meter med tida 23,59 og fekk 1034 poeng for dette, men ein utøvar kan berre vera representert ein gong på lista.

Markus Aseged Nesholen frå Snøgg (fødd i 2007) toppar telemarkslista med 1089 poeng framfor lagkamerat Vebjørn Hovdejord (1070 poeng, fødd i 2003).

På jentesida er kulestøytaren Julie Noraberg Nilsen frå Seljord med på lista. Ho er nummer elleve på lista som tel 20 namn.

Kulestøytar: Julie Noraberg Nilsen.