Gode støttespelarar: Kyrkjebygdheia Løypelag har fått nesten 30 000 kroner i grasrotdelen frå Norsk Tipping i løpet av årets fire fyrste månader. (Illustrasjonsfoto)

Her er oversikta over kven som har fått flest grasrotkroner til nå i år

Kyrkjebygdheia løypelag toppar grasrotlista i perioden 1. januar til 30. april i år.

Laget mottok nesten 30 000 kroner etter årets fyrste fire månader. Vinje IL og Seljord Røde Kors fylgjer på dei neste plassane på lista over mottakarar i Vest-Telemark.

Det viser tal frå Norsk Tipping. Grasrotordninga gjer at dei som spelar hos Norsk Tipping kan velje eitt lag eller ei foreininga som mottek 7 prosent av det ein spelar for.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Noreg er det Foreningen for omplassering av dyr som får mest. Dei får 1 390 664 kroner. Deretter følgjer Vålerenga fotball med 1 199 871 kroner og Barnekreftforeningen Oslo og Akershus med 1 092 775 kroner.

Det er totalt tre utbetalingar kvart år; 1. januar, 1. mai og 1. september.