Familiehelt: Iver Øyre Åland frå Åmot kom i mål over eit minutt før mor si, og var godt fornøgd med det.

Helterennet 2023: Heltar i alle aldrar i strålande sol

– Eg er godt fornøgd, for eg slo mor mi, smiler Iver Øyre Åland rett etter målgang. Han er ein av familieheltane denne solskinnslaurdagen på Rauland.

Det myldrar av folk i Rauland sentrum laurdag 11. mars; dei aller fleste med solbriller på nasen og ski på skuldra – eller beina.

– Me har kring 800 påmelde i år, fortel arenaleiar Bjørn Svalastog.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er litt opp frå i fjor, sjølv om me ikkje er attende på dei tala me hadde tidlegare. Men det god reklame med slik vêr!

Fornøgde arrangørar: Arenaleiar Bjørn Svalastog (t.h.) er fornøgd med både deltakartalet og vêret. Her saman med «sjauar» Tor Olav Blikom Haugo.

I fjor deltok 711 på Helterennet, men før koronaen var dei vande med å ha over 1200 namn på deltakarlistene. I 2020, fem dagar før Noreg stengde ned, samla dei 1287 deltakarar, og frå 2015 til 2019 var det kvart år eit deltakartal på mellom 1200 og 1350 skiheltar.

Tre småheltar: Øyfjellingane Eldar Rorgemoen Mohaugen (t.v.), Ragnar Rorgemoen og Simon Rorgemoen fullførte Familiehelten. – Det var gøy, men ikkje på starten. Då var eg skikkeleg sliten, fortel Simon. – Men så vart det meir og meir gøy.

Internt Hylland-oppgjer

Midt på dagen begynnar ungdomsheltane å gå i mål på skuleplassen. Alle under 11 år konkurrerer utan å bli rangert, men det hindrar ikkje interne oppgjer. Halvor H. Hylland (9) frå Åmot legg inn ein sterk spurt og slår søskenbarnet Amund med god margin.

God margin: Halvor H. Hylland hadde gode ski og vann internoppgjeret mot syskenbarnet.

– Det var godt føre, og eg hadde veldig bra ski, takka vere besta, smiler Halvor.

– Eg hadde dårlege ski, ellers hadde eg tatt han, svarar Amund kjapt.

– Kven ordna skia dine då, Amund?

– Det var mamma.

Smørebom: – Eg hadde dårlege ski, ellers hadde eg tatt Halvor, meiner Amund Ø. Hylland (10).

Aksel vart yngste gullhelt

Frå 11-årsklassa vert deltakarane rangert, og ein av dei yngste klassevinnarane vert Aksel Helle Lie frå Åmot, som tek sigeren i G11-klassa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg hadde dårleg gli, seier Aksel.

– Ned ein av bakkane var det tre som sklei forbi meg, legg han til og kikkar bort på far, som har smurt skia.

– Men så tok du dei i oppoverbakkane med godt feste, da, ler faren – som helst ikkje vil ha namnet sitt på trykk etter smørebommen.

Gullhelt: Aksel Helle Lie frå Åmot vann G11-klassa trass i litt dårleg gli.
Gullheltar: Det var få vesttelar blant 14- og 15-åringane, men ei gullmedalje gjekk til Midt-Telemark. Tobias Harstad Rinde (t.v.) frå Bø tok gull i G15-klassa, her saman med Mikkel Brækken frå Oslo som tok gull i G14-klassa.
Halvhelt: Den beste vesttelen på Halvhelt-distansen (26 km) vart Odin Øyre Åland (16) frå Åmot, som kom på 6. plass.

Rockekonsertoppvarming

På oppløpssida er det også rockekonsert for store og små; det er Mikkel & Reverockerne som framfører songar dei påstår at dei har laga sjølv. Men sjølv om dei har blitt rocka kraftig opp, kjenner publikum att både edderkoppen Petter, ei kjerring med stav og mange andre barnesongar.

Konserten får sitt høgdepunkt når maskoten Bella kjem opp saman med tre jenter og får publikum med på ein oppvarmingsdans før Barnehelten.

– Bella danser som hun er sinna. Mødrene er røde i kinna, syng Mikkel, og får med seg både barneheltar og foreldreheltar i dansen.

Og med strålande vêr, seks minusgrader og full aktivitet vert truleg dei fleste kjakar ved stadion både friske og raude før konkurransane tek slutt på Rauland.

Danseheltar: Mikkel & Reverockerne underheldt og fekk hjelp til oppvarmingsdans av ku-maskoten Bella og Line Vesaas (t.v.), Leandra Såtvedt og Ingrid H. Teigen.