KLAR FOR NM: Halvor Utistog Kleiv presterte karrierebeste både i klassisk og skøyting i dei siste noregscuprennene. Nå ventar senior-NM-debut.

Halvor (20) presterte karrierebeste før NM-debuten på Beitostølen

Halvor Utistog Kleiv beviste i dei to siste noregscuprenna at han meiner alvor med skisatsinga. Åmot-guten imponerte i begge distanserenna, i det som var dei siste store testane før senior-NM på Beitostølen.

– Det betyr mykje både for sjølvtilliten og motivasjonen å få til prestasjonar som dette. Det er godt å få stadfesta at den treninga som eg legg ned gjev resultat. Eg må innrømme at eg er positivt overraska over at det gjekk så fort som det gjorde. Sjølv om eg i begge renna fekk det litt mot slutten. Då fekk eg svi for at opningsfarten blei i tøffaste laget. Eg tapte nokon plasseringar som følge av at eg tråkka til i starten, sa Halvor om noregscuphelga i Nes i starten av februar.

20-åringen fortel at han har for vane å opne hardt. Vinje-løparen legg ikkje skjul på at han har litt å hente i forhold til de beste når det gjeld løpsdisponering. Samtidig er det å ha ein bra opningsfart, ein god eigenskap den dagen Utistog Kleiv står distansen. Det gjorde han nesten, då han berre var to minutt bak vinnaren i det siste norgescuprennet i skøyting. Han blei til slutt nummer 88 i rennet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Var lenge beste førseårssenior

Med tanke på at vinnaren var Iver Tildrem Andersen, som har vunne verdscuprenn, var det bra internasjonalt nivå på Halvors løp. Det var det også då Halvor blei nummer 51 av dei godt og vel 200 påmelde seniorane, på 20 kilometer klassisk. Han var lenge den beste 2003-modellen. Mot slutten gjekk det litt tyngre for løparen, som blei fjerde best i si årsklasse.

Det er ein indikasjon på at Halvor har tatt store steg det siste året. Han var ikkje i nærleiken av slike plasseringar i sin siste sesong på juniornivå. Det mest gledelege er at han også nærmar seg dei beste i skøyting. Utistog Kleiv har vore klart best i klassisk. Sjølv om han framleis er best i den stilarten, vitnar det siste fristilrennet om at han også har et stort potensial der.

Ser fram til Skandinavisk Cup

Dei neste dagane skal Halvor Utistog Kleiv delta i noregsmeisterskapen på Beitostølen. Tysdag kveld var Vest-Telemarks beste langrennsløpar på plass øvst i Valdres. Halvor veit ikkje om han får gå laurdagens duatlon. Det har samanheng med at han er usikker på om han har gode nok FIS-punkt. Senior-NM-debutanten er førebudd på at berre kan bli ein distanse.

– Eg hadde helst sett at det også var et klassiskrenn i NM. Men det ønsket får eg ikkje opplyst i år. To veker etter NM er det Skandinavisk Cup i Hommelvik. Der er det ein 30-kilometer som eg ser veldig fram til. Den tremila kan bli ei fin oppleving dersom eg klarer å bevare forma, sa han som har reist til Beitostølen på eiga hand.

Halvor har i motsetning til dei fleste andre løparane som deltar i NM, ikkje noko stort team i ryggen. Skismurningsbiten er det einaste den hardtsatsande vinjebyggen får hjelp til når skal utfordre verdas beste langrennsløparar og andre gode utøvarar på vintersportsstaden. Utistog Kleiv kan komme til å bevise at ein ikkje er nøydd til å bu i dei store byene for å bli god.