Intervju: VTB 31. januar 1977. Foto: VTB

Gunleik Haugland kjem i mål

Det er ikkje slike kuffertar som meg bladfolka er interessera i, seier Gunleik Haugland til bladfyken i VTB når me kjem for å høyra om aktiv innsats på idrettsbanar og i skilåma gjennom ei årrekkje.

– Eg har aldri drive denne idretten med tanke på å bli toppidrettsmann på noko vis. Eg slang med på skulen av di ein skulle vera med på idrettsdagane – og seinare vart det moro. Og moro er det framleis. Eg kjem meg ut i staden for å gange heime i helgane å dra meg. Det er og eit godt miljø blant oss kuffertløyparar, seier Haugland med ein smil.

– Tenk berre på Alf Lundevall og meg – me konkurrerer ofte med kvarandre av og til vinn Alf, og av og til vinn eg, seier Gunleik.

Nå skal det nok seiast at seljordingen er ein av dei mest allsidige av amatøridrettsfolka i Vest-Telemark. Namnet til Haugland er blitt sett på resultatlister frå langrenn, terrengløp, hopprenn, kombinert, kule, diskos, spjot, alle løpsdistansar opp til maraton og meire til.

– Det var i november eg var med på maratonløp Drammen, seier Gunleik og rullar seg ein røyk.

– Og eg kom då i mål her og. Du skulle sett, regnet spruta så ein mest hadde tronge pussarar framfor augo, og dette var grunnen til at eg fata bort eit kvarter like framfor mål. Vaktene ville ikkje stå inn til mål i regnvêret og eg måtte leite meg fram på eiga hand. Også eg som ikkje er kjent i Drammen i det heile! Eg måtte spørje meg fram om vegen hjå nokre som sat i bilane sine. Dei tenkte vel sitt dei og då det kom ein gamal gubbe på over 60 år i maratonutstyr og spurde om vegen til mål. Attpå til snakka han bygdemål. Men, moro var det, seier Haugland.

– Du røykjer og spring maraton og gjeng på ski?

– Nei, eg gjer nå ein ting om gongen. Det er klart at denne røykjinga skulle ein ikkje ha drive på med, men det er så uendeleg mykje lettare å byrja med det enn å slutta.

– Korleis kan du ha kondisjonen på topp kombinera med røyken?

– Det går ikkje an å kombinera dette, eg merkar det godt at eg har vanskar til eg vert skikkeleg varm og kjem i siget, som det heiter, seier Gunleik

– Eg har aldri hatt tid til det – og så måtte ein vore kapitalist for å drive slik, seier Gunleik, som ikkje ser berre positive ting i stjerneidretten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjå korleis det går med kuffertfolket når det kjem ein toppidrettsmann som er med i same tevlinga. Det endar slik at folk ikkje ser på dei som er med for moro skuld. Nå er det ikkje akkurat publikum som me frir til, men verre er det endå at folk vert redde for å stilla opp. Det er nok fleire som ikkje hadde vore så redde for å stilla opp om ein hadde kunna tevla meir på likefot. Heldigvis er det ikkje så ille her som det er i byane – der toppidretten vert dyrka meir enn her.

I dag fyller Gunleik Haugland 62 år – og som han seier det: får eg fri frå «gamleheimen» sleng eg vel med etter dette og. Lengste sjauen gjorde han for eit par år sidan då han gjekk den 90 kilometer lange løypa frå Hakadal til Skanse. Snødrev og tungt føre gjorde at etter 60 kilometer var 130 av dei 500 som starta falle av lasset.

– Men eg kom då i mål denne gongen og, seier Gunleik som nå rustar seg til Gullneslåmi som skal arrangerast for fyrste gong i mars.

Tru ikkje at denne karen har vore ein idrettsmann heile sitt liv. Gunleik Haugland har arbeidd i skogen som tømmerhoggar – og fekk treninga si der. Etter at det vart slutt på skogsarbeidet vart han fjøskontrollør for Seljord Meieri til det vart lagt ned – og etter dette har det vore mosjonsidrett og raklearbeid, til han nå har byrja på Seljord Industrier.

Og nå, kjære lesar, det som nå er skrive om Haugland er noko som bladfyken kan koma til å trega sårt på ein stad mellom Gjevarvatn og Seljord Folkehøgskule. Ein amatøridrettsforkjempar som Haugland er ikkje den som let ein bladfyk sleppe så billeg at han får intervju og bilete – utan å gjera noko att. Bladfyken måtte lova at ham og skulle gå Gullneslåmi. Det vart ikkje noko intervju elles. Og nå er det gjort – endå godt at ljosiøypa i Seljord er opna for trening, ymtar bladfyken frampå.

– Å – du kjem nok i mål, seier Haugland med ein smil.

Me får håpe det beste.

Her kan du søke i alle VTB-utgåvene frå starten i 1973.