Pallen: F.v.: Gunhild Kvålseth, Anikken Sand og Helene Haugan

Gunhild overraska seg sjølv. – Eg trudde ikkje det skulle gå så bra

I strålande solskin og perfekte vêrforhold vart NM i motbakkeløp arrangert i Treungen. Gunhild Kvålseth frå Morgedal IL overraska seg sjølv og andre med NM-sylv.

Laurdag stod 246 deltakarar klare for å springe 4,3 bratte kilometer fordelt på 456 høgdemeter for å nå toppen av Skuggenatten i Treungen. For 11. gong har Treungen idrettslag arrangert Skuggenatten opp, kor dei i år, for tredje gong fekk tildelt NM i motbakkeløp. På startlista sto mange sterke løparar frå Sør- og Austlandet, deriblant Ragnhild Haga, som er tidlegare olympisk meister i langrenn.

Ei som verkeleg gjorde eit sterkt løp var Gunhild Kvålseth frå Morgedal. Ho slo den tidlegare olympiske meisteren med eitt sekund og kom på ein femteplass totalt av alle kvinnene, i tillegg til at ho tok NM-sylv i U23-klassa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var veldig moro, eg var trudde på ingen måte at det skulle gå så bra.

Kvålseth har tidlegare satsa på langrenn, men har ingen planar om å byrje å satse på springing i staden.

– Dette er berre noko eg driv med for å halde kroppen i gang og for dei fine naturopplevingane. I tillegg synest eg det er ekstra gøy å stille på konkurransar eg ikkje har noko erfaring frå. Eg veit aldri heilt kva som møter meg sidan eg stiller på bar bakke.

21-åringen frå Morgedal fortel vidare at akkurat no så er det studielivet på Ås som gjeld, og at treninga er for moro skuld.

Olav Nilsen, arrangementsleiar, var særs fornøgd med gjennomføringa av årets Skuggenatten opp.

– Det var jo strålande solskin og perfekte vêrforhold – ikkje for varmt og ikkje for kaldt. Det var mange blide fjes og veldig god stemning, spesielt under premieutdelinga.

Nilsen rettar ein ekstra takk til alle i arrangørgruppa for den gode innsatsen, og andre frivillige som hjelpte til. Sjølv om han var fornøgd med dagen, skulle han ynske seg fleire lokale til start.

– Eg håpar at det er fleire lokale som deltek neste gong, uansett om det er i trimklassa eller konkurranseklassa.