Sølv og bronse: Annveig Lysdahl Olsnes frå Vinje tok sølv saman med laget frå Rjukan og omegn på laurdag, sundag tok ho bronse i den individuelle konkurransen.

Gull, sølv og bronse i krinsmeisterskap

I helga var det krinsmeisterskap for Vestfold og Telemark ryttarkrins. Ryttarar frå Vest-Telemark tok med seg til saman eitt gull, to sølv og ein bronse.

12 år gamle Annveig Lysdahl Olsnes frå Vinje kunne seie seg godt fornøgd med helga. Ho var med på Rjukan og omegn sitt lag som sikra seg ein andreplass under lagkonkurransen på laurdag, og dagen etter tok ho og ponnien Ponnyhaugens Mike, bronse i den individuelle konkurransen.

Ridegruppa frå Seljord stilte også i krinsmeisterskapen, og leverte toppresultat i dei individuelle konkurransane. Sunniva Irenesdotter Uldal Kåsa og ponnien Hammers Hero tok gull i si klasse, medan Anne Høgetveit sikra sølvet i seniorklassa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me gratulerer alle medaljevinnarane og er stolte av Seljord ridegruppe som er med heilt der oppe i toppen, skriv ridegruppa på sine Facebook-sider.