Kviteseid G14: Frå venstre: Erlend Aarbakk, Brage Kleivi, Torje Grestad, Alexander Holte, Alexander Slettemeås, Lucas Brekke Moore, Kent Ronny Sigurdslid, Adrian A. Pedersen og Martin Eilefstjønn Berntzen.

Godt samarbeid sikra G14-lag

Ein fornøgd gjeng med G14-spelarar frå Kviteseid og Seljord starta haustsesongen med bortesiger i Edland tysdag kveld.

På nyåret spøkte det for gutar 14-lag, både hos Kviteseid IL og Seljord IL, og gleda var difor stor då spelarar frå dei to klubbane gjekk saman om eitt lag i serien.

Frå dei aller yngste og til og med junior har i overkant av 100 lag forsvunne i Telemark i løpet av månadane koronasmitta har preget landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er dramatiske tal, og me blør skikkelig. Eg trur nok me har bikka ti prosent av krinsens lag som har trekt seg frå seriesspel, uttala Nils Rune Midtbøen i NFF Telemark til Varden torsdag.

Ein rar koronavår med få treningar blei til ein kampfri forsommar. Etter ei fotballtrening etter sommarferien førre veke saman med trenar Marianne Nordjore, var gutane veldig klare for årets fyrste fotballkamp mot IL Rein tysdag kveld.

Det vart ein god og triveleg kamp på kunstgraset der begge lag kjempa godt, men samarbeidslaget frå Kviteseid og Seljord fekk flest nettkjenningar, og reiste heim med 16 - 3 siger frå Edland.

Rein, Fyresdal, Vinje og Kviteseid er dei fire laga i serien for G14 7er B.

9er-laga til 14-åringane frå Treungen, Dyre Vaa og Åmdal Tokke møter Skotfoss og Tinn i 3. divisjon i haust.