Leverte: Lone Isabell Berget og Sherdil tok ein samanlagt andreplass i landsmeisterskapen i Drammen i helga.

Gode resultat for ryttarane på landsmeisterskap

I helga var det landsmeisterskap i sprang i Drammen. Seljord ridegruppe stilte med åtte hestar og seks ryttarar frå Seljord, Morgedal og Notodden.

Styreleiar i ridegruppa, Gunn Helga Vindfjell, rosar ryttarane.

– Me er veldig fornøgde med innsatsen. Dei trenar mykje, og er så flinke, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fjortenåringen Lone Isabell Berget gjorde det aller skarpast. Ho kjem frå Notodden, men er medlem av ridegruppa i Seljord. Saman med ponnien Al-Ahmar Sherdil tok ho ein samanlagt andreplass i sin klasse.

Even Vindfjell (16) og ponnien Trendy Captains Dream frå Seljord var litt uheldig i sin fyrste runde, men leverte så to feilfrie rundar og fekk sløyfe for innsatsen.

Det vart også fleire fine plasseringar, men det var også ei oppleving å vere på landsmeisterskapen, og mellom anna sjå på andre meir erfarne ryttarar.

– Det er eit fantastisk anlegg, Noregs flottaste spranganlegg så det var også moro å vere der, seier Vindfjell.

Dedikert: Even Vindfjell og Trendy var litt uheldig i sin fyrste runde, men leverte så to feilfrie rundar og fekk sløyfe for innsatsen.

Dedikerte

Vindfjell fortel at ridegruppa i Seljord er svært aktiv med dedikerte ryttarar som trenar mykje.

– Me har mykje rekruttering, og det er på grunn av hestesenteret. Dei byrjar å ri aktivt på rideskulen når dei er 12-13 år gamle. Dei er gode på å få fram gode ponniryttarar, og etter kvart er det nokon som er så heldige å få sin eigen hest å ri, fortel ho.

Av gruppa som var med på landsmeisterskapen i helga var det ryttarar både frå Seljord, Morgedal og Notodden.