Mange bom: Petter Lindskog måtte tåle mange bom i Kvalfoss-sprinten. Men gjekk så fort at det liekvel blei gode plasseringar.

Gode plasseringar trass i mange strafferundar

Petter Lindskog er ein av vesttelane som hevdar seg best på krinsnivå i langrenn og skiskyting. Edland-guten sleit med å treffe blinken i Kvalfoss-sprinten. Det blei likevel to oppløftande 16.-plasser på niandeklassingen.

– Eg er godt fornøgd med plasseringane med tanke på at det blei så mange bom. På laurdagens sprint blei det litt for mange strafferundar til at eg kunne kjempe om ein betre plassering. Sju bom er for mykje i dette selskapet, sa Petter som fekk ned fire av seks blinkar på sundagens normalprogram. Det syntest han heller ikkje var bra nok. Den eldste av tre brør i den skiinteresserte familien, er klar på at treffprosenten må opp dersom han skal hevde seg i større renn.

– Dei beste skyt såpass bra at eg er nøydd til å få ned fleire blinkar for å gi dei kamp, sa Petter som har nådd Hovudlandsrennet-alder. Denne vinteren kan han delta både i Hovudlandsrennet i skiskyting i Mo i Rana og Hovudlandsrennet i langrenn i Meråker. Den unge tenåringen har bestemt seg for å prioritere Hovudlandsrennet i langrenn i vinter. Det er fleire grunner til det. Først og fremst at det blir kostbart med to lange utflukter i februar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Får støtte av slekta

Med ein mamma som kjem frå Meråker, så var valet forholdsvis enkelt denne gongen. Store deler av slekta kjem frå den nordtrønderske fjell og skibygda. Petter kjem til å bli heia fram av både besteforeldre, oldeforeldre, tanter, onklar, søskenbarn og anna slekt når han debuterer i det uoffisielle norgesmeisterskapen for 15- og 16-åringar i Grova skisenter.

Der har pappa Tommy vore mykje. Han gjekk på skigymnaset her. Det var også i Meråker han fann kona, som han var så heldig å få med seg til Edland og Haukeli, då han vende tilbake etter enda utdanning. Petter kan også ende opp som skigymnasiast, når han neste sommar er ferdig på ungdomsskolen. Enn så lenge kombinerer han langrenn og skiskyting.

Skryter av Dyre Vaa-miljøet

– Eg har ikkje bestemt meg for om eg skal satse på langrenn eller skiskyting. Eg synest det er kjekt med begge deler, og kjem nok til å kombinere dei to idrettane så lenge det er mogleg. Det er eit større skiskyttarmiljø i Dyre Vaa, enn langrennsmiljøet i Rein er. Eg synest det er moro at skiskyttarmiljøet i klubben har blitt så bra, seier Petter.

To gonger i veka set han og andre frå bygda kursen for Rauland, for å vere med på fellestreningane der.

Også Seljord IL var representert i Oslo. Torjus Tveiten Golid, éin av fire frå klubben, imponerte stort laurdag og blei nummer 5 i G15-klassa. Han bomma totalt tre gonger på dei to skytingane. I mål var han 1 minutt og 20 sekundar bak vinnaren, Iver Skjellberg frå Tromsø. Det var 62 deltakarar i klassa.

Nummer 5: Torjus Tveiten Golid frå Seljord. (Arkivfoto)