Eldsjel: Gjermund Rygh mottok fredag Treungen idrettslags ærespris, for sitt engasjement i fotballen i bygda heilt sidan fotballbanen sto ferdig i 1982.

Gjermund har engasjert seg i idretten sidan bygda fekk bane for over 40 år sidan. Fredag vart han heidra for innsatsen

Gjermund Rygh mottok fredag årets ærespris og eit livslangt medlemskap frå Treungen idrettslag.

«Fotballbanen i Treungen sto ferdig i 1982. Og årets prisvinnar har spela fotball i Treungen heilt sidan det. I nesten 30 år var han aktiv spelar på ulike lag i Treungen IL. Frå han var 17 til han blei 35 spela han på A-laget. Han har delteke i mykje dugnadsarbeid: planta skog, selt vaflar, tappa øl på dansfestival og også gjort praktisk arbeid på idrettsbanen.»

Slik innleiar juryen si grunngjeving for at Gjermund Rygh er årets mottakar av Treungen idrettslags ærespris.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var stor stas å få prisen, etter så mange år i fotballen, seier Rygh til VTB.

Medan han framleis var aktiv spelar, tok Rygh på seg den første trenargjerninga i Treungen i 1988. I 2015 tok han over som trenar for eit jentelag, som han framleis trenar, no i J17-klassa.

– Kva er det som er drivkrafta bak det lange engasjementet i fotballen i Treungen? undrar bladfyken.

– Då eg spela på A-laget var eg trenar for fleire lag, både gutelag og A-laget. Eg hadde ikkje ungar då, men det var likevel naturleg å engasjere seg. No er eg trenar for laget som dotter mi spelar på, svarar Rygh.

– Eg synest det er på sin plass at me foreldre, spesielt me som har vore involvert i fotballen sjølv, engasjerer oss i idretten til ungane våre, held han fram.

Rygh har, i tillegg til ein lang trenar- og spelarkarriere, mange års fartstid i fotballgruppa i bygda, og har vore leiar tre gonger: i 1992, i 2001 og i 2002. Han er også vald inn i fotballstyret i idrettslaget for inneverande år.

«Takk for solid innsats over MANGE år Gjermund! Vi gjev deg årets ærespris og livslangt æresmedlemskap i Treungen idrettslag», avsluttar juryen.