Fleire vesttelar på startstreken på Blinkfestivalen
Blinkfestivalen 2024 er godt i gang med fleire vesttelar på startstreken.
Blinkfestivalen
Blinkfestivalen er ein festival som har blitt arrangert i Sandnes sidan 2006. Det er konkurransar i skiskyting og langrenn som går på rulleski. Verdseliten i begge greiner deltek.
På same tid blir det også konkurrert i aldersbestemte klasser. I 2008 hadde festivalen 40 000 tilskodarar.
Det er Axelar, Norges Skiforbund, Norges Skiskytterforbund, og Sandnes kommune som arrangerer festivalen.
Kjelde: www.blinkfestivalen.no
Lysebotn opp
Festivalen blir i tradisjon tru starta med det tøffe motbakkerennet – Lysebotn opp. Og i år var det fleire med gode tider opp den svingete og bratte løypa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vesttelar som deltok:
G10: Noah Bratsberg-Aamlid, Fyresdal Skiskyttarlag (1km)
J12: Maja Noraberg, Seljord IL (2km) og Ingebjørg Botn, Rein IL (1km)
G12: Vetle Smålad Bergheim, Fyresdal Skiskyttarlag (2km)
G13: Mikkel Groven-Robertson, Seljord IL (5. plass) og Mikkel Gasmann Nesland, Fyresdal Skiskyttarlag (12. plass)
G14: Elias Bratsberg-Aamlid, Fyresdal Skiskyttarlag (9. plass)
J14: Tuva Smalås Bergheim, Fyresdal Skiskyttarlag (5. plass), Synne Tveiten Golid, Seljord IL (10. plass)
J15: Tora Moe, Fyresdal Skiskyttarlag (12. plass)
Artikkelen held fram under annonsen.
J16: Ingebjørg Kili, Rein IL (14. plass) og Kristine Reinsviki, Rein IL (15. plass)
Fleire vesttelar kvalifisert til finalar
Fredag var det prologar i langrenn og skiskyting i Sandes sentrum, der fleire har klart å kvalifisere seg til finalar på laurdag.
Torjus Tveiten Golid (M17) og Markus Noraberg (M17) frå Seljord har kvalifisert seg til sprintfinalen i skiskyting. Dei er begge fyrsteårs junior og går sitt fyrste renn med våpen på ryggen.
Finalane i langrenn og skiskyting går på dagen i morgon, laurdag.
Enkelte finalar blir sendt på NRK laurdags kveld.