Stengt: Sterke-Nils-senteret.

Fleire bed om at medlemskapen på Sterke-Nils ikkje blir fryst, sjølv om senteret er stengt

Rundt om i landet avsluttar folk treningsabonnement når dei er pålagt å halde stengt. Det er ikkje tilfelle i Seljord.

– Fleire av våre medlem har tatt kontakt med ønske om at medlemskapen må gå som vanleg og ikkje skal frysast. Dei er opptekne av at når Sterke-Nils-senteret opnar att så er me klare til å ta imot dei igjen, og ikkje gått konkurs på grunn av stenginga. Dette viser kor viktig Sterke-Nils-senteret er for mange av våre medlem og at dei er opptekne av å ha eit variert og spanande treningstilbod, melder Geir Jensen, dagleg leiar ved Granvin kulturhus.

12. mars blei kulturhuset og treningssenteret stengt etter pålegg frå kommuneoverlegen. Dagen etter kom dei nasjonale føringane om at kulturhus og treningssenter over heile måtte stenge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jensen seier alle årsabonnement på Sterke-Nils-senteret blei fryst 13. mars, men at faktura er sendt ut – og ein får kreditert denne når dørene opnar att.

Han legg til at det er høve til å fylgje treningsopplegg frå instruktørane på sosiale medium.

Permitterte

No er alle dei tilsette permitterte, og om stenginga blir langvarig innser Jensen at han også må permittere seg sjølv.

– Derfor kan det vera vanskeleg å få tak i oss, skriv Jensen i ei pressemelding der han ser tilbake på tida sidan kulturhuset blei stengt 12. mars.

– Eit kjapt overslag syner at me gjekk glipp av 165 000 kroner i ekstra inntekter på avlyste kurs og aktivitetar berre før påske. I tillegg tapar me 150 000 kvar månad Sterke-Nils-senteret er stengd, melder den daglege leiaren.

Før pålegg om stenging kom, var det den travlaste våren på kulturhuset sidan Jensen starta som dagleg leiar i 2018. Musikal, kurs, matfest, leikarring, handballkampar, kino, sjokoladekappleik, teater og ungdomsklubb var blant det som stod for døra då dørene måtte stengast.

– Dette var aktivitetar utanom møte for idrettslaget, fulle rom med ivrige kulturskuleelevar, seniordans, korøving, korpsøving, tusseleik og leikarring. I tillegg er det stor aktivitet i biblioteket med besøk av barnehagar og skuleklassar, og bruken av idrettshallen på kveldane, biletgjer han det høge aktivitetsnivået, skriv Jensen.