Torgeir Aslestad, Sigurd Levang, Olav Bondal, Even Nordbø, Eirik Taraldlien.
Torgeir Aslestad, Sigurd Levang, Olav Bondal, Even Nordbø, Eirik Taraldlien.

Fine mål, sliten dommar og lyskestrekk

Romjolscupen i Fyresdal andre joledag hadde litt av alt, blant anna gode ballspelarar og fortreffelig kake i kiosken - for underteikna er det likevel tunge bein, og tendensar til lyskestrekk som sit sterkast igjen.

Onsdag 26. desember klokka 10.30 vart fyrste kamp sparka i gang på samfunnshuset i Fyresdal, i ei turnering som samla over 45 spelarar fordelt på åtte lag. Tanken bak turneringa var å samle både store og små til felles aktivitet og hygge, kor inntekta frå spelarkontigent og kiosksal gjekk direkte til tryggleiksaksjonen til Røde Kors i bygda.   

Totalt vart det spela 20 kampar denne føremiddagen, og team FørsdØL VS Team Sørbygda, stod igjen som finalistar.  Då dommaren etter ti minuttar, og 14 skritt på skrittelleren blåste av kampen, var det FørsdØL som stod som vinnarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Likevel er det ideen bak og gjennomføringa som burde stå øverst på pallen. Christian Homme og Olav Bondal, som står bak arrangementet, seier dei er nøgde med oppmøte, og ynskjer at dette skal bli tradisjon i åra framover:

– Ettersom det er mange som er heime i jola, så fant me ut at det hadde vore moro å samla så mange som moglig for å gjere noko saman. Me er tross alt mange som er glad i fotball, så kvifor ikkje ei turnering, seier Homme.

– At me i tillegg kan støtte opp rundt Røde Kors i Fyresdal med å gje bidraget til dei er sjølvsagt også ein bonus, og noko me vil bygge vidare på, tilføyer Bondal.

Alle lag som deltok på cupen
Alle lag som deltok på cupen
Olav Bondal og Christian Homme.
Olav Bondal og Christian Homme.

Fotballturneringa fekk totalt inn 2500 kroner.