Friidrett: Herman Hogstad Sveinsson viste at han er i rute til friidrettssesongen.

Fekk endeleg konkurrere att

Herman Hogstad Sveinsson, Julie Noraberg Nilsen og Emma Hagen fekk endeleg delta i friidrettsstemne att.

Dei tre seljordingane var med då Snøgg inviterte til stemne på Notodden. Smittevernreglar gjorde at berre 50, inkludert publikum og funksjonærar, fekk vera med.

Sveinsson viste at han har gjort ein god jobb gjennom vinteren og blei klokka i mål på 11,64 på 100 meter. På 200 meter sprang han på 23,22. I fjor sprang han på 11,55 då han tok bronse i Tyrvingleikane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nilsen sette ny personleg rekord med 41,53 i slegge sundag.

Ny pers: Julie Noraberg Nilsen i slegge.

Emma Hagen prøva seg for fyrste gong på 100 meter. Ho sprang inn til tida 13,84. På 200 meter fekk ho registrert 29,16, opplyser Seljord IL på Facebook.

– Me gratulerer med strålande resultat. Hard jobbing har vist seg å vere lurt, skriv klubben.

Debuterte: Emma Hagen debuterte på 100 meter i helga.