I TENKEBOKSEN: Emil Vassbotten Apeland som går på skigymnas i Sirdal, er i tenkeboksen med tanke på vidare skiskyttarsatsing.

Emil (18) hadde uflaks i vinterens viktigaste renn. – Der og då følte eg meg ganske hjelpelaus

Emil Vassbotten Apeland opplevde i junior-NM noko som er svært sjeldan for ein skiskyttar. Nemleg at den såkalla «tenn-nåla» går sund under rennet.

Edland-guten var i ferd med å gjere eit av sine beste nasjonale løp då han fekk trøbbel. Derfor var det som skjedde frustrerande for skiskyttarjunioren.

– Eg oppdaga det då eg kom inn på standplass og var klar til å skyte. Der og då følte eg meg ganske hjelpelaus. For det er ikkje mogleg å skyte utan at tenn-nåla er heil og i orden. Eg har aldri opplevd noko tilsvarande tidlegare. Det er heldigvis sjeldan at eg eller andre blir utsett for eit slikt uhell. Men det er dårleg «timing» når det skjer i junior-NM og det som er vinterens viktigaste renn, seier Emil som er ein av få skiskyttarjuniorar i Vest-Telemark som satsar.

Artikkelen held fram under annonsen.

18-åringen går det tredje og siste året på skiskyttargymnaset i Sirdal. Der får han moglegheit til å trekke vekslar på kapasitetar som Roger Grubben og Linda Tjørhom Grubben. Førstnemnde var i mange år trenar for det suksessrike norske herrelandslaget. Seinare var han personleg trenar for Ole Einar Bjørndalen, og dei siste åra har helgelendingen hatt same rolle for Marte Olsbu Røiseland. Nå er det Emil og andre som kan trekke vekslar på Grubben.

Stortrivst i Sirdal

– Eg trivst veldig godt i Sirdal. Både på grunn av det flotte miljøet og vi har ein bra tilrettelagt treningskvardag. I vinter har det også vore gode snøforhold. Det første skuleåret blei på grunn av koronaen litt spesielt. Eg fekk nesten ikkje konkurrert ettersom det meste av renn blei avlyst, seier Emil.

Førre vinter sleit Vassbotten Apeland med virus. Det førte til at han ikkje fekk trent og konkurrert så mykje som ønskeleg. I sommar, haust og vinter har han fått trent bra.

– Eg er brukbart fornøgd med 35.-plassen på normalprogrammet i junior-NM, sjølv om eg ikkje hadde nokon god dag i sporet. I skiskyting må du få det til å klaffe både på standplass og i sporet for at totalresultatet skal bli bra. Eg fekk ned 15 av 20 blinkar som var heilt greitt. Spesielt med tanke på at det bles litt. Helga før skaut eg 16 treff i eit mindre renn, seier Emil.

Ferdig til sommaren

Tredjeårsjunioren er ferdig med tre års skulegang i Sirdal i juni. Friskusen er usikker på vegen vidare. Vassbotten Apeland er i tenkeboksen om vidare satsing, militærteneste eller utdanning. Han er ikkje helt framand for å gå i pappa Knut Tores fotspor og bli tømrar. Tida vil vise kva kurs den blide tenåringen stakar ut. Hybeltilværet har gått greitt. Det var uproblematisk for Emil å flytte heimanfrå som 16-åring.

– Det flotte med Sirdal er at me som kjem flyttande, har moglegheit til å bu på internat. Der blir det servert både frukost og middag. Det at me slepp å bruke mykje tid og energi på matlaging, forenklar hybellivet ein god del. Eg har etter at eg blei skigymnasiast blitt kjent med mange hyggelege folk. Miljøet og det sosiale på skulen har eg lært meg å verdsette, seier Emil som nå rettar blikket mot noregscuprenna i Stryn om godt og vel to veker.

– Eg håpar å bygge opp ein formtopp inn mot det arrangementet. Det hadde vore artig med ein topp 30-plassering, seier Emil som representerer IL Dyre Vaa i skiskyttarsamanheng, og IL Rein dei gongene han går vanleg langrenn.