I noregstoppen: Eivind Gaastjønn gjekk inn til ein knallsterk 4. plass i junior-NM i helga. Foto: Privat

Eivind frå Dalen har etablert seg i noregstoppen

Fyresdal-løparen var to sekundar frå medalje på NM-sprinten i Folldal.

– Det var litt rart å vera skuffa etter målgang. Det var så nærme medaljen. Men det tok ikkje lang tid før eg klarte å glede meg over eit veldig bra løp, seier Eivind Gaastjønn til VTB.

I februar gjekk 17-åringen frå Dalen og Fyresdal skiskyttarlag inn til 6. plass i fyrstedel av junior-NM. Laurdag viste han at han har stabilisert seg på eit høgt nasjonalt nivå då han blei nummer fire i 18-årsklassa i andre del av junior-NM.

– Det er moro å ha stabilisert seg, seier han.

Gaastjønn skaut fullt hus på den fyrste skytinga, men bomma to gonger på den andre. Det skilde 2,3 sekundar opp til Ole Tafjord Surkhe frå Ivrig IL som tok bronsemedaljen.

– Sjølv om det var kort veg opp til medalje var det også tett bakover på lista, seier ein reflektert unggut.

Arnt Johan Tungen frå Orkdal vann NM-sprinten framfor Vemund Kragh frå IL Beveren.

På fredagens fellesstart blei Gaastjønn nummer 18 med totalt åtte bom på dei fire skytingane.

Gaastjønn byrja med skiskyting som 12-åring og har tatt store steg dei siste åra. Han går no andre året på idrettslina på vidaregåande i Bø, og rosar skiskyttarmiljøet på skulen.

– Eg har styrken min i langrennet og har slitt med skytinga, men eg har jobba hardt for å stabilisere meg, seier han.

Til helga vil han delta i junior-NM i langrenn på Beitostølen. Siste helga i mars blir sesongen avslutta med noregscupfinale i Vik i Sogn.

Artikkelen held fram under annonsen.

10 år har gått sidan Fyresdal SSL sist hadde ein løpar i noregstoppen. Då avgjorde Bendik Aketun ein tett duell med Johannes Thingnes Bø, som i dag er verdas beste skiskyttar, i 17-årsklassa.

I noregstoppen: Eivind Gaastjønn gjekk inn til ein knallsterk 4. plass i junior-NM i helga. Foto: Privat