Erfaren: Egil Birkrem har gått turrenn og langløp i et tosifra tal land. Han har også eit ønske om å få gjort det i USA og Canada.

Egil frå Flatdal har lyst på nye utfordringar i USA og Canada

Egil Birkrem (65) har opplevd meir som turlangrennsløpar enn telemarkingar flest. Flatdølen har nemleg gått dei aller fleste langløpsklassikarane i Europa.

Birkrem som framleis er i full jobb på kommunehuset i Seljord, har forhåpningar om at det skal vere mogleg å få oppleve nye land og stader frå langrennssporet. Eventuelt få sjansen til å gå nokre av dei han har gått, på nytt fleire gonger. Det er også eit mål å klare minst 25 merke i Birkebeinerrennet. Veteranen står bokført med 23 merke og 25 startar der.

– Eg var ikkje god nok til å klare merket dei to første åra. Etter kvart fekk eg trent betre og justert meg inn. Nå er merkekravet målet når eg stiller til start i Birkebeinerrennet, sa Egil etter at han hadde gjort unna jubileumsturen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ein usedvanleg sprek Birkrem som Vest-Telemark blad prata med. Slitaren som kunne ha pensjonert seg for lengst, hadde i år ein av sine finaste turar over fjellet. Han var godt fornøgd med at arrangementet blei flytta.

Det freistar med Canada og USA

Det er sett opp ei utmerking til alle som fullfører turrenn eller langløp som det nå heiter, i mange forskjellige land. Vasaloppet er det største og mest prestisjefylte rennet i Euroloppet. Men det er også renn i Island, Finland, Estland, Polen, Tsjekkia, Austerrike, Tyskland, Italia, Sveits, Frankrike og andre land som inngår. Egil Birkrem har gått alle desse, og han har tatt Euroloppet heile tre gonger. Han manglar også berre to renn å for å oppfylle krava til det såkalla Worldloppet.

– Eg manglar renn i Canada og USA for å få den utmerkinga. Eg er klar for å reise i det augneblinken turoperatøren som arrangerer renn til desse renna og destinasjonane, set opp tur. Etter at koronaen kom har det blitt arrangert færre fellesturar rundt om. Eg er medlem i Telemark Skitouring, og er blant dei rundt 25 karane som jamleg reiser på tur utanlands med dette skifellesskapen, seier Birkrem som verkeleg er vidfaren i skisamanheng.

Håper han får moglegheita

– Eg håper verkeleg at eg får moglegheita til å gå renn i USA og Canada også. Det er noko som freistar, seier den spreke Flatdal-karen som fyller 66 år til hausten. Egil har gjennom langrennssporten fått moglegheita til å oppleve ei rekke vintersportsstader og land, som han elles ikkje ville ha stifta kjennskap med. Opplevingane og kameratskapen er mykje meir verdifullt enn alle dei medaljane og utmerkingane han har fått etter målgang i Polen og andre stader.

– Kva er det mest spektakulære langløpet du har gått i Euroloppet, Egil? – Eg synest det er vanskeleg å blinke ut ei bestemt oppleving, ettersom alle har sin sjarm. Det er store kontrastar på det å gå Vasaloppet, Marcialonga og på Island og andre stader. Det er jamt over flotte arrangement i Euroloppet, og det har ført til at eg har gått dei fleste fleire gonger, seier Egil.

Håpar Helterennet kjem igjen

Han er i aktivitet heile året. Det blir gjerne tre-fire vekentlege treningsøkter i oppkøyringa til sesongen. Gaustadløpet er eit av renna Birkrem prøver å få med seg. Både fordi det er eit flott arrangement, og det er fint med nokre lengre turar før Birken og eventuelle andre arrangement. Egil saknar Helterennet i Rauland og håpar det kjem i gang igjen.