To gull og eit sølv: Herman Hogstad Sveinsson, Seljord IL

– Eg hadde eit håp om medalje, men hadde ikkje trudd dette

Friidrettstalentet Herman Hogstad Sveinsson er landets raskaste på 200 meter i klassa si. Ikkje nok med det; han hoppar lengst av 16-åringane også.

Seljordingen kunne koste på seg eit breitt glis etter helgas UM (tilsvarar noregsmeisterskap for juniorar) i Jessheim. Han reiste heim med to gull- og ein sølvmedalje frå dei tre øvingane han deltok i, langt over forventningane før meisterskapen.

– Eg hadde eit håp om medalje, men hadde ikkje trudd dette, seier Sveinsson til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Draumehelga blei avslutta med 200 meter sundag. Her heldt han unna for Oliver Tollefsen frå Moss, som vann fredagens 100 meter. Sju hundredelar skilde det mellom landets for tida raskaste 16-åringar. Tida 22,48 (i godkjent vind) er årets raskaste i 16-årsklassa i Noreg, og Sveinsson fylgde opp det solide kvalifiseringsløpet der han blei klokka i mål på 22,50.

– Eg var opptatt av å ikkje tulle det til i starten. Etter 150 meter tenkte eg at dette kan gå. Då såg eg ingen på sida av meg. Mot slutten såg eg Oliver i sidesynet og det var digg å krysse målstreken fyrst.

Eitt hopp var nok

Gullet på 200 meter var det andre på ein time for Herman Hogstad Sveinsson sundag. Eitt superhopp i fyrste forsøk var nok til at han også gjorde seg fortent til gull i lengde. 6.56 var 20 centimeter lengre enn Aiden Floyd Vincent frå Groruddalen som blei nummer to.

– Den sat, smiler Sveinsson om hoppet som er årsbeste i 16-årsklassa i Noreg i år.

Han har hatt stor framgang i lengde sidan han tok sølv i UM innandørs i lengde i vinter. Og forklaringa er enkel.

– Eg har bytta satsfot. Det utgjorde raskt ein meter lengre hopp, seier Sveinsson, som ikkje trenar så mykje spesifikt lengde.

Sølv på 100 meter

UM starta fredag, og Herman opna med å ta sølvmedalje på 100 meter med tida 11.16 – 12 hundredelar bak Oliver Tollefsen frå Moss.

– Då var eg veldig fornøgd, og tenkte at den måtte eg glede meg over for det var mogleg den einaste medaljen eg kom til å få i meisterskapen, seier Sveinsson.

Artikkelen held fram under annonsen.

Resten av helga blei eit eventyr – både medaljemessig og tidsmessig. No ser Sveinsson fram til eit par rolege veker. Prestasjonane i år gjer at 16-åringen kunne deltatt i senior-NM, men det kjem han ikkje til å gjera.

– Sidan januar har eg vore med på 20 stemne. Senior-NM får heller bli neste sesong, seier han.

Framgangen har vore stor gjennom vinteren og våren, og Sveinsson gjev mykje av æra til trenar Rune Wiborg i Skien, i tillegg til at han har pappa Bent som fylgjer opp heime i Seljord.

– Det har vore framgang stort sett heile tida, og eg veit at det ikkje kan halde fram slik for alltid, seier han nøkternt.

– Korleis var feiringa etter to gull og eitt sølv?

– Me har ikkje feira så mykje, men det blei ein svært fin tur heim til Seljord. Det har ikkje gått heilt opp for meg enno, men det var veldig moro både med medaljane, og ikkje minst dei gode tidene, seier Sveinsson før han må haste tilbake til klasserommet på Bø vidaregåande skule der han går fyrste året.