Kultur- og likestillingsminister Abid Raja vitja Odds Ballklubb på Skagerak Arena i Skien førre veke. Klubben er den første i Noreg som tilbyr drive in-fotballkampar når klubben spelar heimekamp. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix / NPK

Drive in-fotballkamp

Når fotballen er tilbake i Skien, blir det med stengde tribunar. No har klubben bestemt seg for å ha drive-in ordning for publikum.

I midten av juni skal fotballaget Odd spele sin første heimekamp sidan fotballen tok pause på grunn av codiv-19-utbrotet. Stadionet skal vere tomt, men på ei grusslette på utsida får 100 bilar plass for å sjå kampen, skriv NRK.

Skjermen som skal settast opp skal vere på 40 kvadratmeter, 8 meter brei og 5 meter høg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klubben har planar om å vise alle heimekampane til Odd på skjermen, men det er ikkje usannsynleg at dei òg vil vise bortekampar.

(©NPK)