Her er skyttarfolket samla til Landsskytterstemne på Voss i 2012. Årets landsskyttarstemne på Elverum er avlyst, men no blir skyttarane tilbodne eit «heime-LS» som erstatning.Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK

Det frivillige skyttarvesenet inviterer til landsskyttarstemne på heimebane

Årets landsskyttarstemne (LS) på Elverum vart avlyst på grunn av koronapandemien. Det frivillige skyttarvesenet (DFS) opnar for LS på skyttaranes eigne banar.

I perioden 1.–11. august blir derfor dei 830 skyttarlaga i landet tilbodne å arrangere heimebanekonkurransar som er kalla «heime-LS». Målet er at det skal bli like mange deltakarar som eit normalt landsskyttarstemne ville fått.

– Ideen om eit såkalla «heime-LS» vart planta då vi forsiktig kunne opne opp for trening og konkurransar på skytebanane våre i juni. Dette gjer vi for å få i gang kjerneaktiviteten i skyttarlaget i landet, ved at alle blir inviterte til ein felles skytekonkurranse på sin eigen heimebane, fortel kommunikasjonssjef Terje Vestvik i DFS i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håpar på 5000 deltakarar

DFS håpar på ei deltaking på cirka 5000 deltakarar frå 10 til 90 år, omtrent det same som eit vanleg landsskyttarstemne.

– Responsen på opplegget har vore overveldande, og mange skyttarlag planlegg sosiale samkomer i tillegg til skytinga som på eit normalt LS. Gjennomføringane blir sjølvsagt tilpassa smittevernopplegg i samsvar med våre eigne og FHI sine tilrådingar, fortel Vestvik.

Meistermøte

Det blir ikkje kåra nokon skyttarkonge eller skyttardronning som på eit vanleg landsskyttarstemne. Tilbodet er gratis, og det vil vere uttrekkspremiering. Den beste skyttaren samanlagt blir likevel tilboden plass i «Skytternes mestermøte» som skal sendast direkte på NRK 1 og NRK 2 torsdag 13. august frå klokka 14.15 til 21.00.

– Meistermøtet til skyttarane blir i forlenginga av «Heime-LS» ei spektakulær sending med alle dei beste skyttarane frå LS dei siste 20 åra samla på Årvoll i Oslo. 58 skyttarar er inviterte i tillegg til vinnaren av årets «heime-LS», seier Vestvik.

(©NPK)