Kviteseid J14: Bak frå venstre: lagleiar Rønnaug Flatin, Luzzy-Sofie Lundevall Hauge, Mari Heddejord, Åse Aarbakk, Samantha Ensila Lunde, Marie Draugedal Birkeland, Liv Heddejord og trenar Marianne Nordjore. Framme frå venstre: Kalina Miteva, målvakt Hilde Spikkeland Holm, Eivor Jønholt Metveit, Natalie Indine Hansen og Hannah Sophie Henrdiks Flatin.
Privat
Desse jentene har skåra meir enn 100 mål i år
Både jenter- og gutar 14 frå Kviteseid idrettslag kunne juble for gode resultat i årets sesong.
Dei tre 14-årslaga i Kviteseid markerte seg på fotballbanen gjennom haustsesongen. J14 blei beste laget i 3. divisjon avdeling vest etter at dei vann 4-1 over Vinje i siste serierunde. Lagleiar Rønnaug Flatin seier at jentene har hatt ein strålande sesong, med 36 poeng på 13 kampar samanlagt i vår og haust. Ho fortel om god stemning på treningar og kamp, med godt samspel og god progresjon.
– J14 har spela 9er-fotball og laget er sett saman av 13 spelarar fødd i 2010 og 2011, og alle spelarane har skåra mål. Me har til saman skåra 108 og sloppe inn 7 mål, altså 101 i målforskjell, seier Flatin stolt.
Ho legg til at topp tre på skåringslista er Åse Aarbakk med 29 mål, kaptein Eivor Jønholt Metveit med 22 mål og Marie Draugedal Birkeland med 19 mål.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP