Desse jentene har skåra meir enn 100 mål i år
Både jenter- og gutar 14 frå Kviteseid idrettslag kunne juble for gode resultat i årets sesong.
Dei tre 14-årslaga i Kviteseid markerte seg på fotballbanen gjennom haustsesongen. J14 blei beste laget i 3. divisjon avdeling vest etter at dei vann 4-1 over Vinje i siste serierunde. Lagleiar Rønnaug Flatin seier at jentene har hatt ein strålande sesong, med 36 poeng på 13 kampar samanlagt i vår og haust. Ho fortel om god stemning på treningar og kamp, med godt samspel og god progresjon.
– J14 har spela 9er-fotball og laget er sett saman av 13 spelarar fødd i 2010 og 2011, og alle spelarane har skåra mål. Me har til saman skåra 108 og sloppe inn 7 mål, altså 101 i målforskjell, seier Flatin stolt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho legg til at topp tre på skåringslista er Åse Aarbakk med 29 mål, kaptein Eivor Jønholt Metveit med 22 mål og Marie Draugedal Birkeland med 19 mål.
Det er Marianne Nordjore og Sarah Rekdal Kvamme som har trena laget i år.
I J14 3. divisjon vest 9er haust vann Kviteseid med 18 poeng framfor Vinje (12), Åmdal-Tokke (12), Fyresdal (7), Treungen (4) og Heddal (0).
Hatt to lag
Gutar 14 har hatt både eit 9er- og eit 11-er-lag i årets serie, men har trena saman og supplert kvarandre på kampar.
Det er Håvard Sandland og Olav Venås som har trena laget. Sandland fortel at dei yngste gutane har blitt prioritert på 9er-laget og blitt supplert av dei eldre spelarane. På 11er-laget har dei eldste spelarane hatt faste plassar. På heimekampar har stort sett alle spelarane møtt til kamp kvar gong.
– Me er eitt lag og sesongen har vore veldig bra. Gutane er ivrige og me har nesten vore fulltalige kvar trening. Dei har hatt god utvikling og progresjon, me har jobba mykje med formasjonstrening, noko me har sett resultat av i haust, seier Sandland.
Han meiner laget er ein fantastisk fin gjeng, og meiner samhaldet i laget, som har reist saman på Norway Cup tre år på rad, står sterkt. Han synest det er moro at det er så mange gode lag i dette alderskullet i Vest-Telemark nå, og håpar dei kan få til eit G16 lag i Kviteseid neste sesong.
På årets G14 har det blitt skåra totalt 45 mål. August Mikelskas er toppskårar med 16 mål, Sondre Sandland har skåra 12 og Olav Kleivstaul 8.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gutar 14-1 vann seriefinalen mot Brevik med resultatet 6-3, og blei difor pokalvinnar av haustens 3. divisjon 11-er avdeling A, medan gutar 14-2 vann haustserien i 3. divisjon 9er vest. Her fekk Kviteseid 11 poeng framfor Fyresdal (10), Vinje (10), Treungen (8), Åmdal Tokke (3).
Seljord sitt G14 blei serievinnarar i 1. divisjon, som einaste lag frå Vest-Telemark i denne serien.
Seljord J13-1 spela i 2. divisjon i haust og hamna på andreplass med lik poengsum, 13, som Langesund 1 framfor Fossum/Storm 2 (12), Tollnes (7), Herkules 2 (7), Skiens Grane 1 (6), Sauherad (3).