«Alle skal med»: Kristi Marie Tveit har vore leiar i fotballgruppa i Kviteseid idrettslag i 17/18 år. – Ho lever og andar for at «alle skal med» i breiddefotballen, men ho ønskjer også å legge til rette for dei som vil meir, seier NFF Telemark i grunngjevinga for stipendtildelinga.

Då Kristi fekk beskjeden trudde ho det var ein feil. – Eg har jo fått det ein gong før

Kristi Marie Tveit har vore leiar i fotballgruppa i Kviteseid IL i 17-18 år, og har nå fått leiarstipend frå NFF Telemark for andre gong. – Det er veldig koseleg at me som gjeng blir lagt merke til, men ingen leiar vinn eit slik stipend aleine.

– Dei dreiv å masa om at eg måtte kome ned på krinstinget. Men det passa ikkje, fortel Tveit.

Ho fekk ein mistanke, men tenkte likevel at det ikkje kunne stemme.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har jo fått det ein gong før, for sju-åtte år sidan, så eg trudde kanskje det var ein feil, ler ho.

Men nei da. Det var ingen feil. Årets leiarstipend i Noregs fotballforbund (NFF) Telemark gjekk til Tveit – diplom og 5000 kroner.

«Denne leiaren har halde på i ei årrekke, og er godt kjent for oss i krinsen. Ho nøler ikkje med å ta ein telefon til kontoret om det er noko ho lurar på, og er alltid engasjert og deltakande når me samlast», skriv NFF Telemark i si grunngjeving.

Miljø for å bidra

Kring 18 år i eit frivillig verv er lenge. Men korleis byrja engasjementet for fotballen?

– Eg spela fotball sjølv og var fotballtrenar.

Det byrjar å bli nokre år sidan, og ho må tenke seg om.

– Eg var på damelaget, men det er vel rundt førti år sidan.

Då ho var lita var det ikkje like sjølvsagt å vere med på eit lag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me spela fotball på skulen, det var sosialt og moro, men eg vart ikkje med på organisert lag før eg var rundt 16, kanskje 18 år.

Tveit spela forsvar og det gjekk etter kvart hardt utover kne, både korsband og menisk. Så langt har ho ei protese, og det neste kneet ventar.

– Men eg ville ikkje ha det omgjort – det har vore grueleg mykje moro med fotballen.

Ho har to søner, eller gutungar som ho framleis kallar dei. Då dei var små spela dei også fotball. Kristi og mannen var trenar for kvart sitt lag.

– Opplever du at det har blitt vanskelegare å få folk til å vere med på dugnad?

– Nei! Det er ikkje vanskeleg. Ta vårdugnaden for eksempel, då stiller 30–40 foreldre opp. Her i Kviteseid er det veldig flinke foreldre, det har blitt eit miljø for å bidra her.

Lysten til å spela fotball i Kviteseid har heller ikkje blitt mindre med åra.

– Me hadde ingen nedgang under pandemien, heller motsett. Og me har alltid hatt barnehagelag her. Det blir jo ein leik. På det nivået me driv skal det vere leik og det skal vere moro.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fotballgruppa møtast ein gong i månaden, bortsett frå om sommaren. Den travlaste tida er vinteren, desember og januar, då førebur dei seg til neste sesong. Dei er fleire som har vore med i mange år. Fellesskapet er viktig for Kristi.

– Me er nå, og har også opp gjennom åra, vore ein sabla god og flink gjeng. Eg blir kjent med folk eg aldri hadde blitt kjent med elles, det er jo også mange unge folk med i fotballgruppa. Når ein held på lenge går ein jo i eitt spor, men her kjem det så mange innspel og det er mange som tek mykje ansvar.

– Det er også veldig variert, me har gjort så mykje, og det er sosialt og synest det er fint å bidra saman med andre.

Det viktige fellesskapet: Kristi Marie Tveit fortel at arbeidet i fotballgruppa er sosialt og at ho synest det er fint å bidra saman med andre.

Fotball skal vere moro

– Ho er eit idealistisk arbeidsjern med imponerande orden. Ho er veldig flink til å få folk til å ha lyst til å bidra, og ho klarer å få med ein miks av personlegdomar som utfyller kvarandre og som alle presenterer ulike grupper i lokalsamfunnet, seier styremedlemmene om Tveit.

– I klubben i hennar hjarte er alle velkomne. Ho lever og andar for at «alle skal med» i breiddefotballen, men ho ønsker også å legge til rette for dei som vil meir.

Og fotballen skal vere moro, sosialt, ein leik, meiner Kristi.

– Men det er også veldig mykje læring i fotballen. Du skal møte opp til ei viss tid, det er ei uniformering, du skal ta imot instruksjonar, og du skal ikkje berre gjere deg sjølv god, men også dei andre – det er det mykje god læring i.

– Men det er gleda over å spele som er viktig å behalde, dei skal ha det moro som eit lag, legg ho til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framleis ligg snøen tung ute, men fotballsesongen nærmar seg likevel, og også nye prosjekt for fotballgruppa. «Gamlebanen» er langt unna sesongklar, og skal få seg eit lyft når våren kjem.

Den har også vore bustad for nokre biller som har vore veldig populære hos kråkene, men dette var ikkje så gunstig for grasmatta, og i haust vart banen tatt opp.

– Til våren kjem viltnemnda for å skyte kråkene, og banen har også vore veldig humpete så den skal jamnast og så skal me så. Kanskje den blir speleklar til hausten, det kjem litt an på korleis sommaren blir.

Men fyrst – kva skal stipendet gå til?

– Då skal fotballgruppa ut å ete saman. Det er veldig koseleg at me som gjeng blir lagt merke til. Det er aldri ein leiar som får eit slik stipend aleine.