Tilbake: Brage Osen Gjølberg køyrde inn til nytt NM-gull for junior. Foto: Privat

Brage tilbake med NM-gull

For eitt år sidan rauk Brage Osen Gjølberg korsband og menisk. Laurdag tok telemarkskøyraren NM-gull for juniorar på Bjorli.

Det var under verdscupen i Frankrike den lovande telemarkskøyraren frå Morgedal øydela kneet. Både korsbandet og menisken i høgre kne rauk. Etter operasjon i mai og ti månader med opptrening er Gjølberg no tilbake. Laurdag slo han alle på Bjorli og køyrde inn til junior-NM-gull.

Han vann klassiskkonkurransen med 12 sekund og delte pallen med Emil Tobias Langhus Bye (Bækkelagets sportsklubb) som blei nummer to og Sverre Solstad Alme (Eidsvåg IL) som kom på tredjeplass.