God debut: Malik Gadamurov (t.h.) tok bronse i turneringsdebuten under Noregs største handbaktevling, Hardanger Open i Odda. Han bur i Seljord og tevlar for Notodden handbakklubb, men representerer den tsjetsjenske republikken Itsjkeria. Her er han saman med ein utøvar frå same stad, med base i Kazakstan.

Blei utfordra til kamp under treningsøkta – i helga tok Malik bronse i Noregs største handbaktevling

Malik Gadamurov (18) hadde lite erfaring med handbak då han vart utfordra på trening ein haustkveld i fjor – no har han ambisjonar om landslaget.

– Det starta då ein eg kjente litt frå før kom opp til meg då eg trena og spurde om eg ville ta handbak med han, for han såg eg løfta ganske tungt fortel Malik Gadamurov.

Han og kameraten heldt fram å bryte handbak med kvarandre, og kameraten såg at Malik hadde talent. I november i fjor blei seljordingen, som elles går tredje året på realfag på Bø vgs. og jobbar på Rema 1000 i heimbygda, med kameraten på trening i Notodden handbakklubb. Der såg dei også talentet, og Malik fekk plassen til kameraten i ein såkalla supermatch, ein enkeltståande kamp, som regel best av fem sett. Den vann han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har veldig stor tru på Malik og han kan utvikle seg til å bli veldig god hjå oss, fortel trenar og klubbleiar i Notodden handbakklubb, Jørn Harald Høibø.

Han og Malik er på veg til Odda då dei snakkar med VTB, der han skal få mangedobla kamperfaringa i si første turnering – Hardanger Open.

– Det er den største turneringa i Noreg, ein har deltakarar frå heile verda, frå Sverige til Algerie. Mellom anna kjem eitt av dei aller beste landslaga i verda, Kazakstan, fortel Høibø.

– Og korleis førebur ein seg til ei handbakturnering?, undrar bladfyken.

– Me har treningar med klubben kvar sundag, der me sparrar. Elles har eg ein del spesifikke øvingar eg gjer på eiga hand, fortel Malik.

Tok bronse

Sjølv om han er fyrstereisgut i turneringssamanheng mangla det ikkje på ambisjonar då VTB snakka med han før tevlinga.

– Eg går for gull, seier Malik, og får raskt bekreftande respons frå lagkameratane i bakgrunnen.

Malik starta særs bra, og vann sine fyrste to kampar, men fortel at han vart stagga av skade, og enda til slutt på tredjeplass i si klasse.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blei bronse sidan eg måtte gje opp på grunn av skade. Elles hadde eg teke gull, seier han til VTB etter enda tevling.

Vil på landslaget

Det er tydeleg han har fått sansen for sporten, og han har planar for å satse vidare.

– Målet er å koma på landslaget.

Trenar Høibø tek gjerne i mot fleire handbakspirer frå Vest-Telemark.

– Det passar for folk i alle aldrar, kjønn og aktivitetsnivå, og me har til og med eit par utøvarar som brukar rullestol. Sporten er dopingkontrollert og organisert under Noregs idrettsforbund, forklarar han.