Vinje Goats utvidar: Ukrainske Daria Osypenko har baskettrening på Rauland for aldersgruppa 8-10 år.

Basketspelaren Daria flykta frå Luhansk til Rauland – no trenar ho Vinje Goats

I Raulandshallen øver tre ungar på å stå med eitt bein framom det andre og sende basketballen under og rundt sitt eiget kne. – Eg kan gjerne ha mange fleire på treningane, her er jo kjempeplass, seier trenaren deira, ukrainske Daria.

Basketklubben Vinje Goats starta opp med eit G13-lag i Åmot i fjor haust, og det tok ikkje lang tid før dei hadde full sal og alle ballar i bruk. Rett før påske utvida dei tilbodet, og har no også treningar på Rauland. Desse er for aldersgruppa 8–10 år, og vert leia av den profesjonelle baskettrenaren Daria Osypenko (35).

Daria har idrettsutdanning, og arbeidde som baskettrenar i Luhansk i Ukraina, der ho også spela på klubblaget Cossack Hall. Ho venta og håpa i det lengste på at det skulle bli fred, men i desember 2022 gav ho opp og flykta frå krigen. Reisa var ikkje lett, men ho og familien hennar kom til Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då hadde dei venta og håpa i ni utrygge år. For sjølv om krigshandlingane i Ukraina vart meir intense frå våren 2022, då Russland invaderte landet for fullt, har det vore krigshandlingar i heimbyen til Daria heilt sidan 2014.

– Me drog ut frå heimbyen min og kom tilbake fleire gonger, for det var veldig vanskelege tider i ni år – dette er veldig lenge. Me venta på at krigen skulle ta slutt og at freden skulle koma, men det er framleis ingen fred, fortel ho.

Tett på: Heimbyen til Daria, Luhansk, ligg heilt aust i Ukraina, markert med gul stjerne på kartet. Det var den såkalla frigjeringa av Luhansk og Donetsk litt lenger sør som var påskottet til Russland for å invadere Ukraina i februar 2022. Men Daria har hatt konflikten tett på livet heilt sidan 2014. Då annekterte Russland Krim-halvøya, som her er markert med raud stjerne, samstundes som russiskorienterte separatistar tok makta i delar av Luhansk og Donetsk. Sidan har det vore jamnlege militære samanstøytar i desse områda, og i følgje SNL kosta konflikten 14 000 menneske livet frå 2014 – 2022

– One step

Treninga er i full gang når VTB besøker Raulandshallen tysdag etter påske. Daria viser og forklarar, og tre ivrige 8- og 9-åringar gjer øvingane etter beste evne. Dei går framover og sender ballen under kneet for kvart steg. Dabbar ballen medan dei veltar og rettar opp kjegler. Kastar ballen til kvarande i ring, medan ein er «lillebror i midten» og prøver å fange den. Spring ei tilløpsløype og skyt mot korga.

Kyrylo og Yaromir får med seg alt som blir sagt, for dei har same morsmål som Daria nyttar. Når «lillebror i midten» skal i gang, til dømes, forklarar Daria fyldig på det eg tek for å vere ukrainsk, før ho legg til på engelsk:

– One step.

Det er berre lov å ta eitt steg for den som sender ballen, altså.

Heldigvis er demonstrasjon og kroppsspråk gull verd, og Ekaterini tek øvingane like kjapt som gutane.

– Du snakkar norsk, eller? spør ho bladfyken i ei drikkepause, og eg nikkar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er litt vanskeleg når alle dei andre er ukrainske, men eg kan engelsk og synest det er gøy å bruke det, smiler ho.

– Kva er best med basket, synest du?

– Eg liker å sprette ballar, det er gøy. Men eg håpar det kjem fleire på treningane etter kvart. Faktisk veit eg om nokon som kanskje skal starte.

Så er treninga i gang att.

– One ball, seier Daria når neste øving skal i gang, og ungane oppdagar at det ikkje nyttar å kaste eller sparke dei ekstra ballane bort; dei kjem berre sprettande attende. Men snart ligg dei tre ekstra ballane i ro, og Daria stiller seg under korga. Ein etter ein prøver dei å score. Daria tek imot ballen, viser kva spelaren kunne gjort annleis, og sender ballen til nestemann i køen.

– Can I jump? spør Ekaterini.

– Yes, svarar Daria, og jammen blir det scoring.

– Basket er lett, fortel Yaromir etter treninga. Han har alt lært mykje norsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg vil starte på fotball også, legg han til.

Bytte av sport – og språk

Når barna har gått i garderoben, kjem Daria bort til tribunen. Me bruker ein omsetjings-app for at ho kan fortelje meir om seg sjølv og sporten.

– Korleis begynte du med basketball?

– Eg spela eigentleg volleyball då eg gjekk på skulen, men så vart dette tilbodet avslutta. Samstundes spurde ein baskettrenar om eg ville prøve det, og det sa eg ja til.

– Du hadde sikkert talent for begge delar?

– Nei, nei, det hadde eg ikkje. Trening, trening og meir trening, det er det som tel, smiler Daria.

– No går jo det meste av treninga på ukrainsk. Vil du øve inn meir norsk eller engelsk forklaring når det etter kvart sikkert blir fleire norske på laget?

– Det er vanskeleg, men eg prøver, svarar Daria, før ho hevar eit augebryn og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det var ikkje ukrainsk eg nytta på treninga, det var russisk.

Heimbyen hennar ligg tett inntil den russiske grensa, og for henne er russisk fyrstespråket og ukrainsk andrespråket. Me byter til norsk–russisk i appen, og merkar at det straks vert lettare for Daria å svare fyldig raskt nok til at appen fangar opp heile tankerekka hennar.

– Kva er spesielt med basketball samanlikna med andre ballsportar?

– Ein kvar idrettsutøvar vil jo sikkert framheve sin eigen idrett. Men slik eg hugsar baskettrenaren min forklarte det, er basketball den sporten som i størst grad kombinerer både styrke, fleksibilitet, fart, men også intelligens, strategisk innsikt og gode etiske eigenskapar.

Ein makalaus sport, ein flott hall, og ein profesjonell trenar. Då manglar ein vel berre at treninga fyllast opp med framtidige stjerne-goats. Eller, vent litt ...

– Har du eigentleg ballar nok til 15 spelarar her?

– Not yet, smiler Daria.

– But soon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Vinje Goats er i gang: – For gutane betyr namnet mykje meir enn geit