I toppen: Audun Lindskog frå Edland både skaut bra og gjekk fort då han blei løna med tredjeplass på den lengste distansen i Kvalfoss-sprinten.

Audun kjempa om sigeren

Audun Lindskog er ein av dei beste skiskyttarane i si årsklasse i Noreg. Det beviste Edland-guten då han sundag blei nummer tre i 12-årsklassen i Kvalfoss-sprinten.

– Eg er veldig godt fornøgd med begge renna i Holmenkollen. Sjølv om det blei litt mange bom på laurdagens sprint. Då var det berre fem av dei ti skota som sat der dei skulle. Farten i sporet var likevel bra, sa Audun etter at han hadde blitt nummer sju i debuten i Kvalfoss-sprinten.

Det er først i år at han er gamal nok til å vere med i eit av dei største skiskyttarrenna for ungdom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Audun som går i sjette klasse, hadde ikkje sett seg noko spesifikt resultatmål då han reiste inn til Oslo for å konkurrere med jamaldrande frå heile landet. Det primære var å få til gode løp, og det lykkast den unge Dyre Vaa-rekrutten med. Den midtarste av tre Lindskog-brør som har fatta interesse for langrenn og skiskyting, fekk dei svara han håpte på i dei flotte Kollen-løypene.

Trefte på ni av ti skot

Audun Lindskog hadde stilt inn siktet betre på sundagens normalprogram. Han hadde også rista av seg debutantnervane. Audun måtte innrømme at han var meir spent framfor sprinten enn på normalprogrammet. Der var han meir stø enn dei fleste andre på avtrekkaren. Heile ni av ti skot sat der dei skulle. Dermed suste han på eit seint startnummer inn til nest beste tid.

– Det var framleis ein del som var igjen ute i sporet då eg gjekk i mål. Derfor var det vanskeleg å vite kva det eg hadde prestert ville halde til. Men eg hadde håp om at det kunne bli topp fem-plassering. Ventetida i målområdet kjentest lang, sa Audun som kunne glede seg over at han hadde tredje beste tid, då alle utøvarane i 12-årsklassa var i mål.

Er i aktivitet hele året

Audun er av det aktive slaget. Han går langrenn for IL Rein, skiskyting for IL Dyre Vaa og spelar fotball for Vinje idrettslag. 11-åringen synest alt er like artig, og har lyst til å halde fram med alle tre idrettane. Kvalfoss-sprinten og Liatopp-sprinten i Ål i Hallingdal, er dei to største arrangementa han deltar i denne vinteren.

Audun ser også fram til Liatopp-sprinten som er sesongavslutning kvart år. Han skal gå mange renn før det blir sett sluttstrek for ein lang sesong i april.