SEKUNDSTRID: Audun Lindskog var fattige to sekund unna å vinne fellesstarten i 13-årsklassa på Liatoppen på sundag.

Audun (12) i sekunddrama i verdas største skiskyttarrenn. – Eg trur ikkje eg har vore så sliten nokon gong

Audun Lindskog var ikkje spesielt fornøgd med det han presterte på laurdagens normalprogram på Liatoppen. Eitt døgn seinare var 12-åringen frå Haukeli med og kjempa om sigeren i verdas største skiskyttarrenn.

Audun som fyller 13 år i slutten av mai, viste seg frå ei heilt anna side på fellesstarten. Det er sjeldan kost at det er nokon som går i pulje to, som er med og kjempar om sigeren i massemønstringa i Hallingdal. Men det skjedde faktisk denne gongen. Dyre Vaa-rekrutten beviste i dei krevjande løypene, at han er monaleg betre enn det laurdagens resultat kunne tyde på.

– Det var inspirerande å få beskjed om at eg både leia, og kjempa om pallplassering. Eg fekk etter andre skyting med meg at rennets speaker sa at eg hadde moglegheit til å vinne heile rennet. Eg passerte målstreken to sekund for seint til det. Men eg hadde eitt sekund til gode på Sigve Fuglem (Valldal) og tredjeplassen. Det blei andreplass, og det er eg kjempefornøgd med, sa Audun til VTB etter rennet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjekk skikkeleg i kjellaren

Audun blei på den spennande fellesstarten i G13-årsklassa heia fram av både vesttelar og andre frå fylket. Sjuandeklassingen forstod at han gjekk for ei veldig god plassering, då han kom inn til andre og siste skyting. Den kommande ungdomsskuleeleven enda opp med sju treff på dei to skytingane.

– Eg gjekk det eg klarte, og fekk tatt meg skikkeleg ut. Eg trur ikkje eg har vore så sliten nokon gang. Det hadde kanskje vore «lettare» og tatt dei to sekundane dersom eg gjekk i pulje ein. Men eg er uansett veldig fornøgd, sa Audun som blei slått av Ulrik Berg Lunder frå Fossum.

Ferdig med sesongen

– Det er stort å bli nummer to på Liatoppen. Dette er utan tvil det beste eg har gjort i langrenn og skiskyttarsammenheng, seier han som kombinerer langrenn og skiskyting.

Dei gongene det er rennkollisjonar vel han som oftast skiskyting. Nå blir både skiskyttargeværet og konkurranseskia sett bort ein periode. Framover blir det mest fotball. Audun er ein del av G 14-laget til Vinje, som har forhåpningar om at det skal vere mogleg å bite godt frå seg når serien startar.