Skiskyttarar: Audun Lindskog, Petter Lindskog og Simen Vassbotn Apeland representerte IL Dyre Vaa i skiskyttaropninga på Geilo i helga. Foto: IL Dyre Vaa

Åtte vesttelar stilte til start då skiskyttarane opna sesongen

Både Seljord IL og IL Dyre Vaa hadde løparar på startstreken på Geilo i helga. Audun Lindskog frå Haukeli reiste heim med to fyrsteplassar i 13-årsklassa.

Frå IL Dyre Vaa stilte tre skiskyttarar frå Haukeli til start; Petter (G15) og Audun Lindskog (G12) og Simen Vassbotn Apeland (G13). Seljord IL hadde fem løparar med i opningsrennet; Vetle Gunvaldjord (G12), Synne Tveiten Golid (J12), Torjus Tveiten Golid (G15), Markus Noraberg (G15) og Maja Noraberg (nybegynnerklassa J10).

Laurdag (sprint)

G15: Petter Lindskog gjekk inn til tredjeplass i laurdagens renn. Med totalt fire bom var han 37 sekundar bak vinnaren av klassa, Linus Haugen frå Fossum. Torjus Tveiten Golid blei nummer 6 i den same klassa. Han bomma fem gonger på dei to skytingane og var 1 minutt og 14 sekundar bak vinnaren. Markus Noraberg blei nummer 22.

Artikkelen held fram under annonsen.

G13: Blant 13-åringane gjekk Simen Vassbotn Apeland inn til 13. plass.

G12: Audun Lindskog var best av alle i laurdagens renn. Han bomma to gonger på den fyrste skytinga, men skaut feilfritt på den neste og var 20 sekundar føre neste mann i mål. Også Vetle Gunvaldjord hevda seg godt. Han blei nummer fem.

J12: Synne Tveiten Golid gjekk inn til tredjeplass på sprinten. Som dei to framom på resultatlista, skaut Synne fullt hus på båe skytingane.

Sundag (fellesstart)

Petter Lindskog blei nummer tre i klassa si også sundag. Han gjekk mellom andre mot seljordingen Torjus Tveiten Golid som blei nummer 8. Noraberg deltok ikkje sundag.

Simen Vassbotn Apeland gjekk inn til 11. plass.

Audun Lindskog fylgde opp laurdagens siger med å vinne igjen på fellesstarten sundag. Han bomma ein gong på kvar av dei to skytingane. I den same klassa gjekk Vetle Gunvaldjord inn til 13. plass. Blant dei jamgamle jentene gjekk Synne Tveiten Golid inn til andreplass. Ho bomma ein gong totalt på dei to skytingane.

Dei yngste løparane (10-årsklassene) blir ikkje rangert, men Maja Noraberg viste både god fart i sporet, i tillegg til å skyte fullt hus på alle dei fire skytingane i helga.