Slo Svartdal: Seljordingen Arve Listaul (t.v.) sette, med tida 2 timar, 40 minutt og 14 sekund, ny Seljord-rekord på maraton i helga, då han slo tida til Audun Svartdal frå 1981. Olav Listaul leverte og kom også inn under tre timar, med 2.55.25.

Arve slo den 43 år gamle rekorden: – Eg vil ta fleire i løpet av året

Ingen seljording har sprunge eit maraton raskare enn det Arve Listaul (29) leverte i Wien i helga.

12. juli 1981, i Oslo, sprang Audun Svartdal den 42,2 kilometer lange distansen på 2 timar 42 minutt og 52 sekund og sette ny maratonrekord både i Seljord og Vest-Telemark, ifylgje boka Best i Vest frå 2011, der Kåre Hafskjold, Olaf Kjell Lie og Torfinn Syftestad tek føre seg friidretten i Vest-Telemark frå 1894.

I 2021 sprang Mads Berge, som då budde i og representerte Høydalsmo, Paris maraton på under to og ein halv time, 2.29.32, og sette med det ny uoffisiell Vest-Telemarksrekord på distansen, og er så vidt det VTB kjenner til den einaste som har sprunge distansen raskare enn Svartdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det endra seg i helga, då Arve Listaul fullførte på tida 2 timar, 40 minutt og 14 sekund i Wiens gater.

– Det gjekk bra, og kjendest eigentleg ganske lett fyrste halvdel. Men eg blei nok litt overivrig i det midtarste partiet og fekk svi for det frå 35 kilometer og utover, fortel han.

Han hadde opphavleg sett mål om å koma under 2.38, men då han vart merksam på tida til Svartdal vart det målsetjinga. Det gjekk, med over to og eit halvt minutt. No jaktar han fleire rekordar frå Best i Vest-boka.

– Eg håpar å kunne klatre på listene til dei andre distansane, eg vil prøve å ta fleire i løpet av året, seier han.

Arve var ikkje den einaste seljordingen, eller Listaulen for den sak skuld, som leverte varene i Wien. Olav Listaul sprang også eit raskt maraton – klokka stoppa på 2 timar, 55 minutt og 25 sekund, noko som er ei tangering av Aslak Fisketjønns tid frå 2010, som ifylgje Best i Vest då var den sjuande beste maraton-tida av ein vesttele.

Løpartrio: Jørgen Grave (t.v.) og Olav Brennemo fullførte kvart sitt halvmaraton i Wien. Arve Listaul (t.h.) sprang 42,2 km.

To seljordingar til var med til Wien for å springe. Olav Brennemo og Jørgen Grave stilte begge til start på halvmaraton, og fullførte på høvesvis 1.39,21 og 1.44,02.

– Det var artig at me var to som kom under tre timar. Olav og Jørgen leverte solide tider også, seier Arve.