Årsbeste: Julie Noraberg Nilsen, Seljord IL friidrett. Foto: Privat

Årsbeste i kulestøyt for Julie sundag

Ny utøvar frå Seljord IL markerte seg på Noregsstemne for friidrett på Jessheim sundag.

Julie Noraberg Nilsen vann kulestøyt-tevlinga med eit kast på 12.08 meter. Dette er årsbeste på Noregsstemne på Jessheim.

I diskos kasta Julie 38.29 meter.

– Supre resultat, melder Seljord IL friidrett på Facebooksida si.