På krinsmeisterskap: Herman Hogstad Sveinsson, Emma Hagen, Leah Maria Prestholt Lorne, Martine Hogstad Sveinsson, Tiril Lie Ståland og Martin Berntsen Eilefstjønn. Foto: Privat

5 gull, 1 sølv og 1 bronse til friidrettsutøvarane frå Seljord

Seljord IL friidrett melder om strålande prestasjonar i krinsmeisterskapen i friidrett på Rjukan i helga.

Jenter og gutar frå 11 til 19 år frå Vestfold og Telemark kom saman til ulike friidrettstevlingar hos Rjukan idrettslag.

Seljordingane kom heim med 5 gull, 1 sølv og 1 bronse frå fylkesmeisterskapen.

På laurdag tok Herman Hogstad Sveinsson ein overbevisande siger på 200 meter i 16-årsklassa med tida 23.11. Martin Berntsen Eilefstjønn vann lengde i G13 med 4.51 meter. Emma Hagen (J14) vann 200 meter på 27.43, som også var personleg rekord.

Seljord J13/14 med Leah Maria Prestholt Lorne, Martine Hogstad Sveinsson, Tiril Lie Ståland og Emma Hagen vann stafetten på 4x100 meter på tida 57.04 sekund. Det må vera fyrste stafettlaget i sprint frå Seljord IL på mange tiår, melder idrettslaget.

Dei melder vidare at utøvarane frå Seljord heldt fram med å imponere sundag. Emma sprang inn til 2 plass i finalen på 60 meter med tida 8.32, og Leah fekk 3 plass med tida 8.87, som var personleg rekord. Emma avslutta dagen med ein solid siger i lengde for med eit hopp på 4.64 meter.

– Ei strålande friidrettshelg. Me gratulerer så mykje med fantastiske prestasjonar. Me gratulerer også Ingrid Stigen Byggland frå Høydalsmo IL med flotte resultat i J15, melder Seljord IL friidrett.