Finaletap for seljordingane

Det blei for tøff motstand for Seljord J15/16 då dei møtte jentene frå Ranheim IL i finalen i B-sluttspelet på Norway Cup

Kristine Eilefstjønn skåra det fyrste målet då Seljord jenter 15/16 møtte Ranheim IL i B-sluttspel-finalen på Ekebergsletta fredag. Seinare skåra Seljord eitt til, men trønderane frå Ranheim var betre på sletta.

Trass i 2-9-tap i finalen har Seljord-jentene hatt ei fin veke på Norway Cup.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det som har vore moro er å bli kjent med nye folk, vore i byen og at me klarte og kome til finalen. Me trudde ikkje at me skulle klare å koma heilt til finalen, då me tapa alt av sluttspel.

Etter siger i semifinalen torsdag, lada jentene opp til finalen med middag på Egon.

Laget var budd på at møtet med Ranheim-jentene kom til å bli hardt og tøft, men skulle gje alt