150 deltakarar frå alle delar av Vest-Telemark trena fotball på Eventyrøy saman med seks trenarar frå Jamie Carragher-akademiet denne helga.
150 deltakarar frå alle delar av Vest-Telemark trena fotball på Eventyrøy saman med seks trenarar frå Jamie Carragher-akademiet denne helga.

150 fotballspelarar sparka sesongen i gang

Vest-Telemark fotball sparka årets sesong i gang på Eventyrøy i Seljord med trenarbesøk frå England.

Seks trenarar frå Jamie Carragher-akademiet i Liverpool er denne helga på besøk for å trene barn og unge frå alle delar av Vest-Telemark på kunstgrasmatta i Seljord. 

Laurdag var over 70 barn frå 7 til 10 år samla for eit par timars trening, medan dei eldre fotballspelarane frå 11 til 15 år får instruksjon av dei engelske gjestene både laurdag og sundag denne helga. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Fotballskulen og sesongåpninga er eit samarbeid mellom Vest-Telemark fotball og fotballgruppa i Seljord.