annonse

150 fotballspelarar sparka sesongen i gang

Fotballskule
Fotballskule: 150 deltakarar frå alle delar av Vest-Telemark trena fotball på Eventyrøy saman med seks trenarar frå Jamie Carragher-akademiet denne helga. (Foto: Tone Tveit)

Vest-Telemark fotball sparka årets sesong i gang på Eventyrøy i Seljord med trenarbesøk frå England.

Tone Tveit

Seks trenarar frå Jamie Carragher-akademiet i Liverpool er denne helga på besøk for å trene barn og unge frå alle delar av Vest-Telemark på kunstgrasmatta i Seljord. 

Laurdag var over 70 barn frå 7 til 10 år samla for eit par timars trening, medan dei eldre fotballspelarane frå 11 til 15 år får instruksjon av dei engelske gjestene både laurdag og sundag denne helga. 

Fotballskulen og sesongåpninga er eit samarbeid mellom Vest-Telemark fotball og fotballgruppa i Seljord. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse