15-åringane Marius og Vemund har tatt på seg trenarjobben
Då 12-årslaget i Kviteseid stod utan trenar, stilte Marius Riis (15) og Vemund Aamot (15) opp.
– Me blei spurt og syntest det høyrdest spennande ut, seier dei to 10.-klassingane.
15-åringane har vore trenarar for G12 i to veker. VTB var onsdag innom på trening i Kviteseidhallen. Laget har to treningar i veka. I tillegg til å trene laget, må Marius og Vemund legge til rette for treningane og delta på diverse møte. Dei har også ansvar for å nominere spelarar frå laget dei trenar til sonelaget for Øvre Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Marius og Vemund har i alle år spela aktivt for Kviteseid IL. Nå er det ikkje noko lag for deira aldersgruppe, derfor passa det bra å kunne vera trenarar for yngre spelarar.
Dei held seg også aktive på treningar saman med old boys-laget i Kviteseid.
– Det kan hende eg kjem til å spele att når eg byrjar på vidaregåande skule, seier Vemund.
– Eg er usikker på om det blir tid til fotball til hausten, fylgjer Marius opp.
Vemund vurderer å gå på vidaregåande i Bø, medan Marius tenker å gå på yrkesfag på Dalen.
Unge førebilete
Rønnaug Flatin frå fotballgruppa til Kviteseid idrettslag fortel at 107 barn og unge har meldt seg på til årets sesong i Kviteseid.
– Me vil truleg ha med åtte lag i årets serie, med gute- og jentelag for 8, 10 og 12 år, og gutar 14 og jenter 15.
– Kva tenker du om at ungdom som Marius og Vemund stiller opp som trenarar?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er veldig bra at dei ville vere trenarar slik at me får litt rekruttering, og eg trur også det er veldig fint for gutane på laget å ha nokre unge førebilete som har spela fotball sjølv, seier Flatin.
Jobbskugge
9.-klassingane Edvard Nordskog Nes og Andreas Nordskog Haugstøl har denne veka hatt jobbskuggedagar i Vest-Telemark blad. Dei går til dagleg på Øraker skole i Oslo.