I full sving: 95 år gamle Johans Kvålsgard er dagleg i full sving med ved.

Vedhaugen til Johans (95) aukar og aukar – dag for dag

Han har vore skogsarbeidar, brøytar, slaktar, elgjeger og mjølkeprodusent. Nå driv 95 år gamle Johans Kvålsgard på Seljordshei med ved. Og endå meire ved.

– Eg er nøydd til å drive med noko, elles blir dagane så lange. Ein må ikkje seta seg til, veit du, seier den spreke og friske heiaren, som er ute og arbeider med ved nesten kvar dag.

Dei vegfarande over Seljordshei, på vegen mellom Garvikstrondi i Seljord og Åsgrend i Kviteseid, observerer stadig stor aktivitet ved Kvålsgard. Johans og traktoren er i full sving med å kløyve snøbrotne tre, som det var så mykje av her om året, og avkabb frå saga som sonen Olav driv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nå har eg så mykje ved at eg veit nesten ikkje kvar eg skal gjera av han, humrar den godlynte karen. Han fyller ikkje veden i sekkar, og har difor ikkje stor etterspurnad etter brenselet. Om folk skal kjøpe ved av han, må dei lesse veden i tilhengar sjølve.

I Kvålsgards vedlager: Den italienske fotografen Luca Berti tok biletet som skøyarar har plassert i dette forseggjorte skåpet.

Forresten så har Johans mange vedlad litt lengre oppi skogen. Det var der den italienske fotografen Luca Berti på ferda si gjennom Vest-Telemark for å fotografere menneske og landskap, kom over den flittige arbeidskaren. Portrettet av Johans Kvålsgard blei med i boka «Telemark i det 21. århundret», som kom ut i 2015, og heiaren blei litt kjendis. Såpass kjendis at skøyarar har sett opp eit fint skåp ved sida av vedlada med styrkedropar inni saman med det flotte portrettet.

Runda 95: Den 7. februar runda Johans Kvålsgard 95 år.

Starta brøytinga med hest og plog

Kalenderen syner at mars går mot slutten når me tek turen til Kvålsgard. Nysnøen har i løpet av gårsdagen og natta lagt eit fint teppe over landskapet. I mange, mange år var snøfall synonymt med brøyting for Johans. Då var det å koma seg av stad i 4-tida om morgonen.

– Ja, for det måtte vera ferdig brøytt klokka halv sju, fortel han.

Roden hans var mellom krysset til Kilen på Seljord-sida og kommunegrensa til Kviteseid ved Golid. Dei siste 15–20 åra er det sonen hans, Olav, som har hatt brøytinga, men før det hadde Johans ansvaret. Mannen er altså fødd i 1928. Derfrå skulle det gå mange tiår før bilvegen over Seljordsheii stod ferdig. Det skjedde i 1963.

– Vegen kom i tre etappar, og det var Abraham Øygarden som utførde arbeidet, fortel Kvålsgard.

Etter at bilvegen kom, brøytte Johans vegen med traktor. Men då hadde han alt lang erfaring med å brøyte gamlevegen mellom Kvålsgard og Garvikstrondi med hest og plog.

– Mange gonger kunne det vera så mykje snø at det var vanskeleg å koma fram. Eg bruka ofte to hestar og prøvde å ha dei i tospann. Men vegen var så smal, at på slutten hadde eg hestane gåande etter kvarandre, forklarar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hestekar var han frå før han blei ferdig med dei sju skuleåra sine; skulegangen han fekk på Jamgrav skule som ikkje ligg så langt frå heimstaden hans. Den gongen budde det mange folk på Seljordshei, og skulen var dela inn i storskule og småskule. Korleis Johans lika skulen seier han ingenting om, men han slår fast at det var om å gjera å bli ferdig med skulegangen og koma seg i arbeid. Medan han enno var skulegut var han ute og pløygde med to hestar. På denne tida dreiv han også i skogen med hest saman med far sin.

– Då eg var så stor at eg også byrja å køyre hest så fekk me to, fortel han.

Lang veg å gå

Så veldig gamle karen var ikkje Johans på denne tida – han var enno ikkje konfirmert. «Å gange for presten» var det gamle uttrykket for å delta i konfirmasjonsførebuinga, og for Johans – som for mange andre – blei det lang veg å gange.

– Vanlegast var det å gå om Øvsttveiten. Me kom ned att ved Glosimot, og så bar det over Vekan og bort til dåpshuset ved Seljord kyrkje der presten Simon Dahlen samla oss, fortel Johans, som oftast hadde fylgje med ein annan konfirmant frå Seljordshei, Aslak Østtveiten frå Pålbu.

– Fekk du noko konfirmasjonsgåve?

– Nei, det var klede det. Ja, ein måtte pusse seg til konfirmasjonen, veit du. Men det var ikkje så berre-berre å få tak i klede under krigen. Men familien hadde kjenningar i byen, og dei fekk tak i dress for meg, fortel han.

Så tek han opp att: «Det var om å gjera å koma ut av skulen og koma seg i arbeid.»

«Arbeid» var for han, som for mange andre i området, skogsarbeid for brukseigar Aall. I byrjinga var det hogst med handsag (svans), og berkjespade. Seinare blei det mest køyring og ikkje så mykje hogst.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tømmeret blei køyrd med hest ned til vassdraget. Fløytinga byrja ved Langesjå, der den fyrste dammen låg. Så gjekk fløytingsvassdraget vidare til Bjortjønn og Kippestaul. Derfrå gjekk tømmeret til Dalsvatnet. I Kilen blei det klubba, og fløyta derfrå til Skien, forklarar Kvålsgard om industrien som truleg blei avvikla på byrjinga av 1960-talet, då lastebilar tok over tømmertransporten.

Det store skiftet i skogsarbeidet kom i 1957 då skogforvaltninga hjå Aall skaffa ein traktor som Johans Kvålsgard bruka.

– Det var ein firehjulstrekt Man-traktor, minnest han godt.

Johans arbeidde mykje eismal med tømmerkøyringa. Hoggarane hadde lagt det berkte tømmeret opp i ruller, og så var det for Johans å lesse det over på sledar og køyre det ned til vassdraget. Lessinga gjekk føre seg ved at to stokkar, sleiper, blei plasserte slik at tømmerstokkane kunne trillast opp på lasset. Sjølvsagt med handmakt.

– Ja, slik har eg nok lesst mange tusen kubikk, eg, seier han tankefull.

– Og ikkje vore utsett for ulykker av nokon slag?

– Nei, eg har berga meg. Det har eg.

Gjetarguten tok over garden

Kvålsgard: Her blei Johans fødd og voks opp i ein syskenflokk på seks. I 1974 tok han over garden.

I 1974 døydde faren, Jens Kvålsgard, og Johans tok over garden. Deretter blei det mest skogsdrift i eigen skog. I 1963 hadde han gifta seg med Ingebjørg Kallåk frå Morgedal. Dottera Gunhild kom til verda i 1966, medan sonen Olav, som no har overteke garden, vart fødd i 1972. No bur Ingebjørg og Johans i eit nyoppført hus ikkje langt frå gardstunet.

Artikkelen held fram under annonsen.

På garden hadde familien fem-seks mjølkekyr, samt påsett. Fyrstundes vart mjølka sendt i spann på lastebil til meieriet i Seljord. Der rista mjølka seg fram i bulkete spann.

– Eg kjem i hug at Olav Djuve køyrde, og Halvor Kultan, også. Seinare fekk meieriet bilar sjølve. Etter kvart, truleg på 1980-talet, blei spanna avløyste av tank, legg han til.

Men i Johans sin oppvekst vart mjølka foredla heime på garden. Ho blei separert og fløyten blei kinna til smør som blei levert til forretninga til Mattis Haugerud på Garvikstrondi.

Som dei fleste andre ungar som var fødde mange år før krigen, måtte også Johans tidleg i arbeid.

– Å gjete byrja eg med i 5–6 årsalderen. Det var det vanlege det.

Syskenflokken på Kvålsgard talde seks, og Johans byrja arbeidet med gjeting heime saman med somme av syskena. På denne tida hadde familien også geiter. Geitene var det ikkje vanskeleg å halde styr på for den vesle gjetarguten.

– Nei, geitene fylgde kyrne, dei.

Frå 10-årsalderen byrja arbeidet med å gjete for andre. I fleire år gjette han på Kippestaul, eit anna bruk på Seljordshei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Der var dei snille og koselege folk, smiler han ved minnet.

At gjetinga ikkje alltid var nokon enkel jobb blir klart når han fortel at han somme gonger måtte ut og gjete om natta.

– Viss det var for mykje avåt om dagen og kreatura skjena, gjette eg om natta i staden.

For dei som ikkje er kjende med omgrepet «skjene», refererer me nynorskordboka der ordet blir forklart med «å fara av stad med stor fart for å bli kvitt plagsame insekt».

Har drive med elgjakt i 70 år

Hittil har røune for det meste handla om arbeid, men når me pensar Johans over på elgjakt kjem det ein eigen glød over andletet. Me forstår at elgjakt, sikkert både spenninga, det sosiale samværet, i tillegg til matauk, har vore viktig for han.

I oppveksten hans var det lite elg i skogane, og fyrste gong han såg ein elg var under krigen. Men så skulle det berre gå eit par år før han la nedpå sin fyrste. I 1947, 19 år gamal, skaut han den fyrste elgen. Det var stas.

– Ja, det var nok mange på laget som var eldre enn meg som ville hatt den sjansen, innser han.

Johans fortel at han har hatt fleire elgbikkjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var gode hundar?

– Både òg, humrar han.

Gode eller dårlege jaktbikkjer. Elgjakt har Johans drive med i meir enn 70 år.

– Eg trur eg var 85 år gamal då eg skaut den siste, fortel han medan Ingebjørg skyt inn eit lite utbrot om kor lei ho mange gonger har vore av å stelle elgkjøt ...

Bustaden: Ingebjørg og Johans Kvålsgard bur no i dette huset som ikkje ligg så langt frå garden.

Slaktaren

Mange kjenner Johans Kvålsgard som slaktaren.

– Det er nok ikkje mange fjøs i Seljord eg ikkje har vore innom, slår han fast.

På 1960-, -70 og -80-talet fór Johans frå gard til gard både i Kilen, Kviteseid og Seljord og slakta gris. Slaktetida var seinhaustes – frå slutten av oktober og fram mot jol. Han fortel at han nok kunne slakte mellom femti og seksti grisar kvar haust. Det var ikkje alltid at tida som passa slaktaren var avgjerande for kva tid grisen skulle på benken.

– Mange dyreeigarar var nøyne med å slakte på veksande måne, elles ville flesket bli udrugt. Elles heittes det også at viss grisen hadde vore trassig då han blei leidd ut, og skrike mykje, fekk flesket ein usmak, fortel han.

Då Johans slaktar kom til gards var det fyrste som måtte gjerast å seta trynebandet på grisen og leie han ut.

– Å få trynebandet på, var ikkje alltid så lett. Men når det var gjort var det å leie grisen ut på tunet der han blei skoten med slaktemaske. Så var det å få skrotten opp på slaktebenken. Då var det viktig at nok skoldevatn var på plass og at vatnet var varmt nok. For det skulle helst ikkje bli att bust på flesket, legg han forklarande til.

Slakting, elgjakt og brøyting er ikkje lenger nokon del av livet til Johans Kvålsgard. Om det skulle koma endå meir snø slepp han å ut med hest og plog eller traktor og fresar. Snøryddinga tek sonen Olav seg av. Men all veden som skal kappast, kløyvast og stablast, den tek Johans seg av. Nå er han klar for å starte opp traktoren, legge ein kubbe på kløyvaren, og er i gang med nok ei økt.

Lukta av nykløyvd ved.

Han driv på. Slik han gjer så godt som kvar dag.

Sett frå vegen: Slik observerer vegfarande den flittige arbeidskaren.