Tilbake: Etter tur med Fram på Vråvatn synest Erling Moen (81) det er artig å vere tilbake til Vråliosen hotell der han var musikar på 1970-talet.

Vassvegen til Vråliosen: Erling tok turistbåten til hotellet der han var musikar på 70-talet

I sommar har turistbåten M/S Fram hatt ein spesialtur frå Vrådal til Vråliosen. Med på turen var mellom anna Erling Moen (81), som fekk sjå igjen hotellet han spelte på for mange år sidan.

Det er nokre år sidan M/S Fram tok turen gjennom slusene Småstraum og Storstraum til det to mil lange Vråvatn og heilt til Vråliosen. I midten av august var det endeleg igjen klart for ein slik nokså lang spesialtur med turistbåten, med start nedanfor Straand hotell i Vrådal.

Matros Per Klevestrand opplyser at i tillegg til båtmannskapet er det 54 passasjerar om bord i dag, og heldigvis knallvêr.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me måtte seie nei til i alle fall ti andre som ynskte å vere med. Nå er det plass til alle på dekk, seier Klevstrand.

Spesialtur: Fram er klar for den fyrste spesialturen på årevis frå Vrådal til Vråliosen.

Båten er registrert for å kunne ta opptil 90 passasjerar, men då er det ikkje sitteplass til alle desse på dekk.

I det Fram forlét brygga er matrosen klar til å sjekke billettar. Straks kjem desse orda frå Klevstrand då han kjenner igjen eit par som slett ikkje er på sin fyrste tur med turistbåten.

– De har ikkje oppnådd bonusbillett enno?, seier matrosen med eit smil til Vigdis Bringsværd og Snorre Knudsen.

Faste gjester

Paret har hus i Skien, men er for ein femårsperiode busett på hytta dei har i Vrådal. Dei var på Fram fyrste gongen på midten av 1990-talet. I juli i år tok paret båten frå Vrådal til Treungen, sykla derfrå til Fjone, åt på kafé, tok ferja over Nisser og sykla så til Vrådal.

Denne dagen me tek ein prat med Bringsværd og Knudsen er fyrste gongen dei er med Fram til Vråliosen.

– Fantastisk flott, seier Knudsen om turen og landskapet.

– Det er annleis å sjå ting frå vatnet enn frå vegen, legg Bringsværd nøgd til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forteljingar: Kaptein Reidar Skogheim (t.v.) og gaid Magne Wraa kom med mange historier på turen.

Dette er fjerde turen denne sesongen paret er med på Fram. Opp gjennom åra meiner dei å ha vore på i alle fall 20 turar med turistbåten.

– Me er faste gjester, seier Bringsværd med eit smil.

– Blir det fleire turar?

Båe er raske med å svare:

– Å ja, ja.

Ny tur: Vigdis Bringsværd og Snorre Knudsen var på sin fjerde Fram-tur denne sesongen, og har bak seg i alle fall 20 turar på turistbåten opp gjennom åra.

Auser ut historier

Seljordingen Reidar Skogheim (83) har vore kaptein på Fram i 22 år. På dagens tur før me kjem til Småstraum sluse kjem han mellom anna med denne opplysninga:

– Det er totalt røykeforbod på båten, men de kan bruke skrå og snus. I salongen på Fram er det gratis frukt, så det er bare å la seg befrukte.

Kanaltur: Eitt av høgdepunkta dukka opp etter Storstraum sluse – kanalen som fører til Vråvatn.

Lokale Magne Wraa er med som gaid og har mykje å fortelje om landskapet der me seglar mot Vråliosen med ein fart på seks knop. Det ausa ut historier – Wraa nemner mellom anna at det i gamle dagar blei sendt bilar ut i Vråvatn, på den måten blei ein kvitt dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me er ein tur oppe i styrhuset når det er snakk om bilar som enda i Vråvatn. Like etterpå seier kaptein Skogheim dette til bladfyken:

– I 1970 tippa eg ein folkevogn pickup ut i Seljordsvatnet.

– Men det var vel ikkje lov?

Svaret frå Skogheim kjem raskt:

– Eg høyrde ikkje noko om det.

Drivkrafta

Fram til denne dagen har Skogheim bak seg nesten 50 turar som kaptein på turistbåten i år. Det blir 20 turar til på han før sesongen er over. Men kva med dei neste åra?

– Eg veit ikkje kor lenge eg skal halde på. Det er legeattesten som avgrensar båtsertifikatet, ikkje alderen, seier 83-åringen.

– Eg har tydelegvis hatt det bra sidan eg har halde på så lenge som kaptein. Drivkrafta er at eg møter mange hyggelege og blide folk, og så er det eit privilegium å vise fram det flotte landskapet og båten, fortset Skogheim, som gjerne slår av artige forteljingar på turane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mora Kari Halvorsen, seinare med etternamn Skogheim, kom frå Vråliosen. Der skal Fram legge inntil ei brygge på dagens tur og sleppe av passasjerar som i neste omgang skal ta i bruk syklane dei har med seg. Det blir også ein landstrekk for båtpassasjerane som ynskjer det før returen.

Tragisk

Framme på dekk sit Erling Moen (81), busett på Notodden. I Vråliosen ser han bort på det som ein gong var hotell og der han hadde oppdrag på 1970-talet – spelte trekkspel aleine.

– Eg spelte mest på Rauland, der eg budde på den tida. Eg blei hyra til spelejobbar rundt i heile Telemark, seier Moen.

Aldri før har han tatt Fram opp til Vråliosen.

– Det er artig å vere tilbake her, og turen med båten er kjempefin, seier Moen.

Det har ikkje vore drift av hotellet i Vråliosen på mange år.

– Det er tragisk at hotellet skal stå slik, seier kaptein Skogheim, klar til å køyre båten tilbake til Vrådal.

Storstraum sluse: Slusa er bygd av granittstein frå Vrådal. Trafikken blir stoppa og brua heva for at båten kan kome inn i slusa.

Paradis

Dagfinn Lavrantsen i Treungen er med på Fram for fyrste gong. Turen fekk han i gebursdagsgåve av naboparet Signe Grethe og Jan Hauge, dagen før han blir 86 år. Paret var forresten på sin fyrste tur med turistbåten på Vråvatn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei er trivelege naboar å ha. Gode naboar kan ikkje kjøpast for pengar, seier Lavrantsen takksam.

Gebursdagsgåve: Dagfinn Lavrantsen i Treungen var takksam for 86-årsgåva han fekk av naboparet Signe Grethe og Jan Hauge – sin fyrste tur på turistbåten.

Noko som er gledeleg å sjå på turen er folk både her og der på land som vinkar, også med det norske flagget, når Fram kjem forbi.

I mange år har Olav Tveitane i Vrådal (88) vore matros på Fram, og det set mellom anna kaptein Skogheim pris på.

– Det er veldig hyggeleg at Tveitane er med på denne turen, seier han.

Bukkøysundet: På det djupaste er Vråvatn 179 meter. Gjennom Bukkøysundet var det 3,2 meter på det grunnaste.

Eit godt stykke ute på Vråvatn ser me Skogheim smiler. Så kjem det frå han over høgtalaranlegget på båten:

– Dette er drøymetur for meg, og det håper eg det er for dykk passasjerane også. Du kan ikkje kome nærare Paradis.

Servering: I eine enden av salongen står matros Per Klevestrand for serveringa, mellom anna nysteikte vaflar.
Frå salongen: Nede i salongen er det runde glas der ein kan fylgje med på landskapet.