I vårsol: Frå Gaustatoppen har du uvanleg god utsikt over Sør-Norge, om vêret er klårt. Men turen opp og ned kan vera strabasiøs.

Var sakna eit døgn i påskefjellet

Dei gjekk friluftslinja og hadde øvd seg på nødssituasjonar i fjellet. Men denne turen til Gaustatoppen blei nok i overkant realistisk.

18. april 2001 la ti studentar ved Seljord folkehøgskule og lærar ut på skitur frå Tuddal. Dei skulle heilt til Gaustatoppen, nesten 20 kilometer unna og 1500 meter høgare oppe. Eit ambisiøst mål for ein dagstur, men klokka 15 skulle dei vera attende i Seljord til middag. Og vêret var fint i byrjinga, seier Asla Maria Bø Fuglestad til VTB på telefon frå Asker.

Bø Fuglestad kjem sjølv frå Bærum, men er i familie med Høgetveit-ane i Vinje og Seljord, og Midtbø-ane i Bø. Som barn var ho ofte på slektsstemne på Lifjell. Ho hadde bakgrunn frå speidaren og var alt ein dugande skilaupar då ho byrja på folkehøgskulen i Seljord. Ein tur til Gaustatoppen skulle gå greitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me var mest opptekne av solkrem og solbriller. Men me hadde framskunda turen med ein dag på grunn av vêrmeldinga. Og det skya gradvis til medan me nærma oss toppen. Nokre snudde fordi det var bratt. Men me gjekk over Gaustaknea og over Råen før den siste bakken, og på toppen tok me ein pause i varmestova ved hytta. Då me var ferdige å eta lunsj, hadde det blåst opp, og det var dårleg sikt, fortel Bø Fuglestad.

Vêrrapport frå meteorolog

Vêret blir endå hardare medan dei går nedover. Dei må gå på kompasskurs, men det er vanskeleg i så dårleg sikt. VTB har vore i kontakt med meteorolog og vêrhistorikar Roar Inge Hansen frå StormGeo om vêrtilhøva desse par dagane, og fått fylgjande oppsummering:

– 18-19. april 2001 kom eit lågtrykk frå sør inn over Danmark og Skagerrak med aukande nordaust vind. Nedbørområdet breidde seg nordover frå Sørlandskysten og inn over sentrale delar av Austlandet i løpet av sein ettermiddag og kveld med noko snø.

Det finst ikkje observasjonar frå Gaustatoppen den gongen, men Hansen viser til målingar frå Kongsberg-området. Dei fortel om 21 centimeter nysnø frå kvelden 18. til morgonen 19. april. Sikta var berre 200-400 meter i snøvêret den natta, men lenger nord snødde det mindre. Middelvinden var aust-nordaust opp i stiv kuling (12-14 meter per sekund) både på Sørlandskysten og på fjellstasjonar som Finse, Midtlæger og Kvitfjell. Den næraste stasjonen er Møsstrand (977 meter over havet).

– Der bles det frisk bris frå nordaust med lett snøvêr og temperaturar på 3-6 minusgrader. Altså ingen storm, men med kuling og nokså tett snøvêr og snøfokk blir det ille nok å ferdast i fjellet, seier Hansen.

Gislefoss åtvarar: Vêrmeldinga frå 17. april 2001 viser eit lågtrykk i utvikling over Skagerrak, som gir snøvêr og aukande nordaust vind i Sør-Noreg.

Møtte kvarandre på platået

– Eg gjekk framme, Eli gjekk bak. Plutselig høyrde eg frå dei bak at Eli var borte – ho hadde falle. Det var så mykje vind at det var veldig vanskeleg å snakka med kvarandre. Me diskuterte i gruppa kva me skulle gjera og la ein slags plan, men før me kom i gang, mista eg fotfeste og rutsja ned fjellsida. Det var ikkje fritt fall, eg rutsja, men eg mista fullstendig kontroll og blei slengt rundt mange gonger. Eg var sikker på at det skulle koma eit stup, men det gjorde ikkje det. Etter 100-300 meter stoppa det. Der nede fann eg Eli, hugsar Bø Fuglestad.

Eli Eikeland minnest det slik:

– Plutseleg fall eg, og forstod ikkje med ein gong at eg var fallen utanfor ein skrent. Sidan det var så lite sikt, var det vanskeleg å sjå. Fallet kjentes som om det varte lenge, og eg rulla rundt og rundt mange gonger. Eg hugsar at eg venta på anten eit stup med fritt fall, eller ein fjellvegg. Plutseleg flata det ut, og eg stoppa opp. Der nede var det heilt stille. Eg prøvde å ropa opp til de andre. Eg forstod at eg hadde falle såpass langt at eg ikkje berre kunne koma meg raskt opp til dei andre att. Så etter ei lita stund høyrde eg ein skrapelyd, og der så eg ein skikkelse koma rullande akkurat innanfor synsfeltet mitt. Det var veldig fint å sjå Asla, og sleppa å vera åleine lengre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sparka seg ei hole

Det var fint for Bø òg å sjå venninna si att.

– Eg var handlekraftig i den situasjonen og tenkte at me måtte koma oss opp att. Men det var veldig bratt, og eg hadde berre ei ski. Me lét skia liggja att. Snøen var hard og isete. Men me greidde etter ei stund å koma oss opp att til toppen der me hadde falt. Der fann me ei søkjestong, så me skjønte at dei andre hadde gått. Me hadde hatt med tre-fire spadar i gruppa, men korkje Eli eller eg hadde spade. Me skjønte at me måtte grava oss ned, for det var så dårleg vêr, og det var så vidt me kunne stå oppreist. Så det var veldig intuitivt, og me hadde øvd på det her i friluftsstudiet. Før eg fall, hadde læraren sagt at det var for dårleg vêr til at redningsmannskap kunne koma, og dette hadde eg i bakhovudet. Det var ekstremt hardt og isete, men me hadde ikkje anna å gjera. Me sparka oss gjennom snøen og laga ei lita hole som me låg i om natta, fortel Bø Fuglestad.

Medan det føyka rundt dei, leika dei «Mitt skip er lasta med» og fortalte fantasisoger for kvarandre, sjølv om dei var reduserte og surra ein del. Dei torde ikkje å sovna, for kven kunne seia om dei ville vakna opp att?

– Vêret om morgonen var ikkje noko betre, det var framleis veldig kvitt og mykje vind, så me måtte berre venta. Det gjekk nokre timar, og i 15-16-tida byrja me å høyra ein helikopterlyd. Me var ikkje sikre på kva det var, men me byta på å gå ut av hola og vinka. Det var veldig kaldt og smertefullt å stå ute i vinden, og me var våte. Og då me såg helikopteret, var me usikre på om dei såg oss, fot dei forsvann bak skyene av og til. Helikopteret kunne ikkje landa, men dei hadde geleida opp ein beltebil og peika oss ut for mannskapet i bilen. Då kom det ein mann frå beltebilen og prikka meg på ryggen, held Bø Fuglestad fram.

Dei hadde vore sakna i eit døgn, men blei no omsider heisa opp i helikopter og sende til sjukehuset i Skien, Asla Maria og Eli. Kroppstemperaturen var nede i høvesvis 32,8 og 33,0 grader.

Framme i Skien: Pressa var på plass då Asla Maria Bø, no Bø Fuglestad, (framme) og Eli Eikeland blei borne ut av luftambulansen.

– Ein merkar kva kroppen klarer når det står om livet, men me var utkøyrde då me kom til sjukehuset. Eg var i ganske god form etter eit døgn på sjukehus, medan Eli hadde nokre fleire frostskader og måtte bli litt lenger. Men ho blei frisk ho også, fortel Bø Fuglestad.

– Me trur me overlevde sidan me hadde kvarandre. Det var veldig fint å ha nokon å snakka med gjennom heile opplevinga. Me kunne diskutera kva me skulle gjera, me hjelpte kvarandre med å laga snøhola. Og me kunne passa på kvarandre gjennom natta, reflekterer Eikeland.

Både Eikeland og Bø Fuglestad er no mødrer og dreg framleis ofte på lengre turar med familien eller kvarandre. Men dei sit nok att med ein større respekt for vêret i vinterfjellet enn då dei var 19.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre år seinare: Både Bø Fuglestad (til venstre) og Eikeland kom greitt frå det lange døgnet i april 2001, og har slett ikkje mista sansen for friluftslivet. Her frå nett Gaustatoppen i nyare tid.

VTB har henta noko av stoffet til denne saka frå boka Været i Norge (2005) av Harald Reitan og Meteorologisk institutt.