Aktive: Nora Homme (f.v.), Ingrid Skeimo, Brage Aamlid, Sondre Momrak og Malin Åmlid deltek både på aktivitetar gjennom idrettslaget og trenar på Groven fitness.

Ungdommen merkar fråfallet frå idretten

Færre ungdommar deltek i organisert idrettsaktivitet. Det viser både nasjonale og lokale tal. Ungdommane VTB møter i Fyresdal synest det er leit.

– Medlemstalet har falle med om lag ti prosent frå 2019 og fram til i dag, seier Sondre Fjelldalen i Vestfold og Telemark idrettskrets.

Det gjeld både på fylkesnivå og nasjonalt. Han fortel at idrettslaga nå må føre elektroniske medlemsregister. Det kan hende at noko av fråfallet ein ser i statistikken, skuldast opprydding i listene. Men han meiner også at pandemien førte med seg eit fråfall, og at fleire av dei som slutta ikkje kom tilbake.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var registrert 422 fotballspelarar i aldersgruppa 13–19 år i 2019. I 2021 har talet minka til 323. Det er ein nedgang på 23 prosent for ungdomsfotballen i Vest-Telemark.

– Dette merkast kanskje best i dei minste kommunane, der det ikkje er så mange å spele på, seier Fjelldalen.

Nedgang: Tala viser prosenten av ungdomsskuleelevar som har svara ja til at dei har deltatt i aktivitet, øving eller møte i idrettslag den siste månaden, og er henta frå Ungdata-undersøkingane i 2018 og 2021. Deltakinga går ned i dei fleste kommunane i Vest-Telemark, og kommunen med mest nedgang er Fyresdal. Der har deltakinga minka med 16 % samanlikna med 2018.
Ung i Vest-Telemark

Nasjonale tal viser at unge i dag sit meir heime og i mindre grad deltek i organiserte fritidsaktivitetar. VTB har undersøkt korleis stoda er i Vest-Telemark. Kva tilbod har dei unge her? Kva etterlyser ungdomane sjølve? Og kven er dei vaksne som stiller opp kveld etter kveld?

Denne veka: Nissedal, Fyresdal og Edland

Spelar på andre lag

På Ungdata-undersøkinga i 2021 seier 46 prosent av ungdommen frå Fyresdal at dei har vore med på aktivitetar gjennom eit idrettslag det siste året. VTB møter fem av dei.

Fotball, skiskyting og symjing har vore populære idrettar i Fyresdal, fortel dei. Dei opplever at det ikkje er like mange med lenger.

Nora Homme (15) og Malin Åmlid (15) er med på symjing. Dei trenar i Fyresdal og er med på stemne og konkurransar andre stader. Totalt er dei nå tre ungdomsskuleelevar med.

– Eg skulle ynskje det var fleire, seier Malin.

Ho hadde ein pause frå symjinga, men bestemte seg for å starte opp att.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir heime: Nora, Ingrid, Brage, Sondre og Malin trur ungdommen i Fyresdal er meir heime nå, og mindre ute på felles aktivitetar.

Brage Aamlid (15) og Ingrid Skeimo (15) spelar fotball. Før spela dei på lag i Fyresdal, men nå var det ikkje mange nok til å stille lokalt lag. Brage spelar derfor på Åmdal-Tokke og Ingrid spelar i Kviteseid. Dei synest det er leit at det ikkje er lokalt lag i deira klasse i Fyresdal lenger.

– Det bur jo ikkje så mange her, og for å stille fotballag er me avhengig av at dei fleste er med, seier Ingrid.

I sommar var ho på Norway Cup saman med laget frå Kviteseid. Ho hadde det moro der, men skulle gjerne delt opplevinga med venene i Fyresdal.

Sondre Momrak driv med friidrett, og ifølgje dei andre ungdommane er han skikkeleg sprek. Han er den einaste i si klasse frå Fyresdal som konkurrerer aktivt, og trenar både heime og på treningssenteret. Både Sondre og Brage er også med på felles fotballtreningar i hallen med yngre fotballspelarar og vaksne.

Mindre aktivitet i idrettslaget

Janne Teksle er leiar av Fyresdal idrettslag. Ho ser at det er litt mindre aktivitet i laget nå enn det var før, og ho trur det er fleire faktorar som spelar inn.

– Kulla er jo litt mindre. Det har jo ein del å seie. Og så trur eg det fall frå ein del under pandemien.

Ho presiserer at det er mange som gjer ein god innsats i Fyresdal idrettslag, men meiner dei må jobbe litt for å få fleire ungdommar tilbake. Når det gjeld anlegg, meiner ho fyresdølane er heldige.

– Me har ny idrettshall og basseng med vatn i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ny innandørs skytebane: Fyresdal skyttarlag har bygd ny innandørs skytebane. Her samlast både ungdom og vaksne til skytetreningar.

I tillegg fortel ho at Fyresdal skyttarlag nyleg opna innandørs skytebane. Ho trur det kan bli populært for ungdom. I tillegg har dei dartklubb og motorcrossbane i Fyresdal. Sjølv er ho leiar i Hugljufur islandshestforeining. Så om aktiviteten har gått litt ned i idrettslaget, kan det hende at ungdommane er aktive på andre arenaer.

På stemne: Nyleg var fleire ryttarar frå Fyresdal på stemne i Lillestrøm, blant anna Tuva Hansen Austjord (t.v.) og Vilde Veum Aas.

Fitness

VTB møter ungdommane på treningssenteret Groven fitness.

– Det er veldig mange som trenar her, fortel Malin.

Dei avtalar gjerne i forkant og trenar ofte rett etter skulen. For å kunne trene på senteret må dei ha eit startkurs. På kurset lærer dei teknikkar, slik at dei ikkje skal trene feil. På senteret er det også ulike gruppetilbod som spinning, styrke og slyngetrening. Og så er det basistrening kvar onsdag. Der er det gratis å delta dersom ein er medlem i idrettslaget. Elles kostar det 399 kroner i månaden å trene på treningssenteret.

Arne Groven er personleg trenar og jobbar på senteret. Han synest det er triveleg at ungdommen bruker treningssenteret og seier at dei er opptekne av å legge til rette for dei yngste. Han kan blant anna tenke seg å utvide tilbodet med crossfit og funksjonell fitness.

Møtest på Spar: – Etter skulen sit me ein del på benkane utanfor Spar, seier Malin (t.v.), Brage, Nora og Ingrid. På spørsmål om kva dei kunne tenke seg meir av, trekker dei fram dei rusfrie festane som har vore i Vest-Telemark. Dei liker å treffe ungdom frå dei andre kommunane, og håpar på fleire felles arrangement.
Les også
Musikalske møtestadar: – Det er viktig å gje dei ein scene å stå på
Les også
Dølten flyttar frå Fjellvang – mangedoblar ungdomstilbodet i Edland og Haukeli