Må stå opp for verdiane våre: – Det er synd at me må ta desse diskusjonane i 2023. Eg er redd det går gal veg, seier Anne Tveit frå Treungen.

Stolt mamma

Anne Tveit fryktar at samfunnet er i ferd med å bli mindre tolerant, og meiner me treng både prideflagg og markeringar.

«Stolt mamma» står det på t-skjorta til Anne Tveit. I regnbogens fargar. Ho har tre born. Då eldstesonen var atten fortalde han at han var homofil.

– Det var ikkje noko problem for oss, seier Anne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men ho var redd for at det skulle vere problematisk for andre, og ho tenkte i starten mykje på korleis ho skulle bidra til at sonen skulle kjenne seg trygg.

Stolt mamma: Anne er stolt mamma til tre born – Oda, Egil og Thea.

Går feil veg

Anne har også ein bror som er homofil, og har sett korleis samfunnet har blitt opnare og meir tolerant dei siste åra. I seinare tid har ho sett fleire teikn til at det går andre vegen. Det synest ho er skremmande.

– Eg tenker ikkje berre på oss. Me står trygt i dette, men kva gjer det med dei som ikkje er så trygge, spør ho.

Nyheiter, negative kommentarar på Facebook, diskusjonar om pridefeiring og flaggheising, alt slikt legg ho merke til. Og ho undrar seg over at folk opplever det som skremmande eller gale å vere homofil.

– Det går veldig inn på meg. Dette er heilt vanlege folk som tilfeldigvis er glade i ein av det same kjønn. Det er ikkje farleg. Eg skjønner ikkje kva dei er redd for, seier ho.

Anne meiner folk må vite at når dei kjem med kritiske ytringar om homofili, så går ikkje det berre inn på dei som er homofile sjølv, men også på foreldre, søsken og besteforeldre.

– Folk må tenke seg om. Det kunne vore deira son eller dotter som kom heim og fortalde at dei var homofile.

Anne hadde trudd at ein del av diskusjonane var over, og er overraska over at dei dukkar opp igjen, både lokalt i Vest-Telemark og nasjonalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det viser at det framleis er behov for prideflagg og markeringar, seier ho.

Viktig med markeringar

Familien Tveit var veldig glade då det for fyrste gong vart flagga med regnbogeflagg på dei kommunale flaggstengene i Nissedal.

– Det betydde veldig mykje for oss.

Det var eit signal om at her kunne alle vere trygge.

Under valkampen i Nissedal vart det på nytt diskusjon om prideflagget skulle henge oppe heile juni.

– Nå har me hatt flagget oppe i to år. Kva for signal sender me ut dersom me skal reversere det nå, spør ho.

På sikt håpar ho at me kan leggje bak oss heile diskusjonen, men ho trur ikkje at tida er mogen for det ennå. For sjølv om ho opplever at dei aller fleste ikkje har noko problem med å akseptere homofili, så er det framleis ein del som seier at dei synest det er vanskeleg.

— Men dette er ikkje vanskeleg, seier Anne engasjert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje farleg. Det er ikkje noko å vere redd for.

Ho skjønner ikkje heilt at folk engasjerer seg mot markeringar for mangfald.

– Eg trur ikkje dei er mange, men dei har sterk stemme. Då må ein ha sterk stemme tilbake. Me må ikkje berre sitte stille og godta dette. Her må me stå opp for verdiane våre, seier Anne.

Får reaksjonar: Av og til har Anne på seg denne t-skjorta når ho er på jobb på blomsterbutikken ho driv i Tveitsund. Då hender det at ho får historier frå kundar som er innom.