Kokkane: Olha Buldakova (f.v.), Nadia Semenova, Hanna Biliaieva, Misha Derzhovetskiy, Sofia Bilovol og Valeria Bilovol lagde maten på onsdagens språkkafé. Denne dagen var det ukrainsk tradisjonskost på menyen – golubtsy, eller kålrullar med kylling eller sopp.

Språkkafé – ein viktig møteplass på tvers av språk og kultur

Rundt hundre personar brukar å kome når det er språkkafé på Tokke kulturhus. Godt etablerte tokkebuarar og nytilflytte, nokon heilt ferske i det norske språket, andre langt stødigare – samlast til middag og prat.

Lenge var språkkafé eit godt etablert tilbod i Tokke, men det vart sjølvsagt stopp under koronapandemien, og det var også ein periode det kom færre flyktningar til kommunen.

– Nå er det veldig relevant å starte opp igjen, fortel ein av arrangørane, biblioteksjef Benedikte Nes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Språkkafeen er eit samarbeid mellom vaksenopplæringa, flyktningtenesta, biblioteket og Tokke frivilligsentral. Nå har dei fått integreringsmidlar frå fylkeskommunen, og starta opp med språkkafé i desember. Dei planlegg seks gonger i denne omgang, og det er liten tvil om at tilbodet er populært.

– Kring hundre personar kjem kvar gong, fortel Nes.

Det er både vaksne som møtast til mat og prat, ungar finn seg til rette i biblioteket med både leik og bøkar, og stadig er det flokkar med ungar som spring inn eller ut dørene på kulturhuset. Ofte er det ikkje så mykje organisert aktivitet på språkkafeen, men denne ettermiddagen er det litt levande musikk, og i andre etasje på biblioteket har frivilligsentralen teikneverkstad for ungane, i tillegg er det middag og kaffi, og sjølvsagt prat. Eit viktig poeng med språkkafé er at flyktningar og andre som ikkje er så gode i norsk får øvd på språket, derfor er det sjølvsagt viktig at det også kjem ein del som snakkar godt norsk. Det gjer det i Tokke.

På kulturhuset sitt flyktningar som har kome til bygda dei siste månadane saman med bygdefolk. Nes fortel at det er gledeleg at også fleire av flyktningane som kom til kommunen for lenger sidan, framleis kjem på språkkafé.

Ein koseleg møteplass

Tanya Makarova og mannen Stanislav Makarov har tatt med seg to av døtrene på språkkafé.

– Dette er bra, det er koseleg, fortel Tanya.

Familien på fem kjem frå byen Kharkiv i Ukraina, flykta frå heimlandet og kom til Dalen i mai. Døtrene går på skule og foreldra lærer det nye språket.

– Dalen er stor kontrast frå Kharkiv, ein by med to millionar innbyggarar, men det er veldig fint her og vakker natur, fortel Tanya.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lærer norsk: Tanya Makarova og mannen Stanislav Makarov og den eine dottera Lisa Roban. Familien på fem flykta frå Ukraina til Noreg og Dalen i mai, og har lært mykje norsk sidan då.

Tjøstov Djuvet bur på Dalen og synest det er triveleg med språkkafé.

– Det er kjekt. Her får me treffe flyktningane, elles treff ein dei ikkje så mykje, fortel han.

Tjøstov deler bord med fleire frå Ukraina. Mellom anna Nadia Semenova. Dei syng også i kor saman, blandakoret Tokke songlag.

– Eg likar song, men eg song ikkje i kor i Ukraina, fortel Nadia.

Ho kom saman med mannen og dei tre barna til Dalen 10. november, og denne ettermiddagen er ho og dottera Daria på språkkafé. Daria er 16 og går i fyrste klasse på vidaregåande. Korleis har sekstenåringen det i sin nye heimbygd?

– Alt er bra – skulen, staden, naturen. Alt, oversett Nadia medan ho smiler.

Denne dagen er det ukrainsk tradisjonskost på menyen – golubtsy, eller kålrullar med kylling eller sopp. Det er elevane ved vaksenopplæringa som står for matlaginga.

På språkkafé møter dei både folk som har budd i Noreg heile livet, dei som kan ganske godt norsk og dei som er heilt ferske. Om ein har møtt nokon éin gong kan det vere lettare å slå av ein prat neste gong.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nadia snakkar både ukrainsk og russisk, men også stadig meir norsk.

– Eg likar å lære, og har god lærar, fortel ho.

Møteplass: Tjøstov Djuvet frå Dalen saman med Daria og Nadia Semenova frå Ukraina.