Knut Martin Edland: N/A

Sommargjesten

Namn: Knut Martin Edland

Alder: 56

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjem frå: Edland

Gjer: Næringssjef i Vinje kommune

Kva er det beste sommarminnet ditt?

Det mest sommarlege eg kjem på var å sitje på høylasset i hengaren, i lag med 15-20 syskenborn, trekt av onkel Kåre i traktoren sin. Elles har eg mange gode minne, sett bort frå molteturane på sommaren. Eg likar ikkje molter.

Kva er planane dine i sommar?

Me skal vere mykje heime i sommar, med unntak av nokre utflukter.

Kva er det beste ved sommaren i Vest-Telemark?

Det beste er å sjå og treffe alle dei som tek turen heim att i ferien. Naturen her er og veldig mangfaldig med både kaldt og varmt og vått og tørt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og kva saknar du?

Eg saknar litt by-miljø av og til. I år saknar eg også alle store samlingar. Kulturliv og feiringar er ein naturleg del av sommaren.

Kva vesttele ville du helst ha sete fast i eit slusekammer med?

Spørsmålet er vel heller kven som ville ha sete fast der med meg. Det burde ha vore nokon skøyige og trivelege, eller kanskje ein god ingeniør som kunne fikse problemet. Det er jo alt for mange å velje mellom. Kanskje det må bli deg så eg får god tid til å finne eit betre svar på dette spørsmålet, og så du kan dokumentere situasjonen.

Kva er det beste sommarmåltidet?

Ei fersk brødskive med eit drygt lag med bremykt og nyrørte jordbær.

Kva dialektord likar du best?

Det er kanskje ikkje dialektord, men eg likar ja betre enn nei. Det er meir lettvint, med berre to bokstavar i staden for tri. Elles lagar eg nokre gonger heilt eigne ord. Det var litt dårlege svar, men eg veit iallefall at det verste dialektordet er «møltur».

Artikkelen held fram under annonsen.

Har du ei skjult perle i Vest-Telemark?

Der sit ei skjult perle på næringskontoret i 3. etasje på kommunehuset i Vinje.

Vatn eller fjell?

Fjellvatn naturlegvis.

Nokon du vil helse til?

Eg vil helse til dei andre perlene på næringskontoret. Elles vil eg sende ei helsing til alle dei som har hatt tøffe dagar i høve til korona-situasjonen, med ynskje om at ting ordnar seg.