Elias Vee Tveit: Elias Vee Tveit.

Sommargjesten

Namn: Elias Vee Tveit

Alder: 15 år

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjem frå: Treungen

Gjer: Er i sommarjobb. Klipper gras og måler hus

Kva er det beste sommarminnet ditt?

For litt sidan var eg på fisketur bak Langfjell. Då fekk me ein god del fisk. Det er eit godt sommarminne.

Kva er planane dine i sommar?

Eg har ingen andre planar enn å jobbe.

Kva er det beste ved sommaren i Vest-Telemark?

Det er god tilgang på fiskevatn her og naturen er nær.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og kva saknar du ved sommaren i Vest-Telemark?

Eg saknar ingenting.

Kva dialektord likar du best?

Eg brukar «dikkon» og «åkkon» ein del.

Vatn eller fjell?

Då hadde eg valt vatnet. Det er gøy utpå vatnet. Der er det bading og båtliv.

Kva er det beste sommarmåltidet?

Det må vera grillmat som kotelettar og pølser.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva for ein vesttele ville du helst vore stranda i ei sluse med?

Helst ein kompis.