Nervøse: Oda Rorgemoen Mohaugen (t.v.), Tilde Sofie Opsalhagen Rekaa og Amanda Testad Vargas øver fyrst ute i gangen.

Skummelt og spanande på shotocup i Seljord

Tre kvitkledde jenter med grøne belte stiller seg i ein trekant. – Heian Sandan! annonserer Tilde Sofie Opsalhagen Rekaa høgt og tydeleg. Tre venstrebein og tre knytte venstrenevar skyt ut mot venstre, så kjem høgrebeinet etter, og to raske, doble blokkeringar med armane.

Dei tre jentene øver på lagkataen sin i korridoren ved sida av idrettshallen på Granvin kulturhus.

– Dei andre ville ikkje øve inne i hallen, derfor er me her i gangen, fortel Tilde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er litt skummelt, meiner Oda Rorgemoen Mohaugen.

– Eg kjenner meg litt spent, seier Amanda Testad Vargas.

– Men me har vore med på shotocup før da, fortel Oda. – Ein gong i Drammen, og ein gong på Kongsberg, og eit par til.

Mange påmelde: Dei nær 80 utøvarane stiller opp på line for å helse på dommarane.

Åtte klubbar og nær åtti utøvarar

Den store hallen vegg i vegg er i ferd med å fyllast opp. Nærare 80 gi-kledde karateutøvarar frå åtte ulike klubbar rundt om i Sør-Noreg er på plass, frå Sveio i vest til Ås i aust. Kanskje ikkje så rart det kan kjennest litt overveldande å kapre seg treningsplass i salen for tre øyfjellsjenter som går i 4. og 5. klasse. Men eit kvarter seinare er dei tre likevel i gang med å øve inne blant alle dei andre utøvarane.

Eitt steg nærare: Endeleg våga dei tre jentene seg inn i hovudsalen for å øve der.

– Det var ikkje så skummelt likevel. Og no som me har øvd framom alle, så er det ikkje så ille å skulle gjere det i konkurransen etterpå, smiler Amanda letta.

– Berre hugs å ikkje sjå dommarane inn i augo når du bukkar, for det er frekt, instruerer Tilde lagvenninnene sine.

– Det er jo fem bukk til saman, sukkar Amanda. – Og viss eg gløymer eit bukk, blir sikkert dommarane sure. Men i lagkata kan eg jo sjå på den framom. Så då må du hugse det, Tilde!

Karateordbok

Gi: Den kvite karatedrakta

Kata: Eit kampmønster mot tenkte fiendar. Det finst eit breitt spekter av kataar, frå dei heilt enkle som berre kombinerer to ulike teknikkar, til særs komplekse.

Lagkata: Tre utøvarar går det same kampmønsteret synkront.

Kumite: Kamp der to utøvarar nyttar angrepsteknikkar og forsvarsteknikkar, og får poeng for å klare å treffe før ein vert blokkert.

Gradering: Test av grunnteknikkar, kata og kumite for å vise at ein er klar for neste beltefarge.

Beltefarge: Ein startar med kvitt fargebelte (10. kyu), og graderer seg vidare gjennom ni fargebelte til ein er på brunt belte (1. kyu). Deretter graderer ein til svart belte (1. dan). Det er også åtte dan-grader av det svarte beltet.

NTKF: Noregs Tradisjonelle Karateforbund

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her kan det bli shotocup fleire gonger!

Dette er fyrste gong Skorve Karateklubb er vertskap for shotocup, men det blir truleg ikkje siste.

– Det er jo flotte lokale her på Granvin og arrangementet har gått veldig fint så langt, seier leiar i NTKF, Kjersti Leiren Boag i pausen mellom katakonkurransane og kumiten.

Fornøgd: Leiar i NTKF, Kjersti Leiren Boag, rosar arrangørklubben.

– Det er veldig mykje å setje seg inn i når ein ikkje har arrangert shotocup før, så Skorve karateklubb har verkeleg gjort ein imponerande innsats.

– Trur du det blir fleire shotocupar her i Seljord?

– Det er absolutt aktuelt, men kanskje på eit litt anna tidspunkt neste gong. Mai er travel med konfirmasjonar og 17. mai, noko som gjorde det litt krevjande å få tak i nok dommarar, forklarar Boag. Ho har dessutan eit godt råd på lager til nervøse unge utøvarar.

– Sjå på konkurransar og graderingar som ein del av treninga. Karate handlar om å øve mykje, ikkje å hige etter å rase oppover i beltegrader og poengsummar.

Svartbelta frå Skorve

Det er faktisk litt nervar å spore hos eit langt meir rutinert Skorve-lag også. Dei tre «svartbelta frå Skorve» har ikkje trena så mykje som lag i det siste.

Litt rustne: Det er ei stund sidan sist, men dei tre rutinerte svartbelta Stefan Jørgensen, Rainer Müller og Bjørn Halvor Bjørge finn snart flyten.

Stefan Jørgensen er i ferd med å avrunde 10. klasse, har starta opp ei Drangedalsavdeling av Skorve karateklubb og har dessutan også trenaransvar på avdelinga i Øyfjell. Rainer Müller er hovudsensei i klubben, i tillegg til at han nettopp har gjennomført ei vellykka gradering til 2. dan i Winsdor, England. Bjørn Halvor Bjørge er for tida student på Lillestrøm, og har derfor ikkje trena aktivt med klubben på ei stund. Men dei tre tek utfordringa på strak arm og stiller som lag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gjeld å finne ei felles rytme, seier Rainer.

– Ikkje ta bilete av at eg gjer noko feil no, smiler Bjørn Halvor.

Så hiv dei tre seg ut i svartbeltekataen Bassai Dai med intens kraft.

Så er det alvor!

Klokka 10 er treningstida over, og konkurransane tek til. Fyrst er det individuell kata, og der får øyfjellsjentene eit lite sjokk.

– Harald har meldt meg på individuelt også, seier Amanda med eit snev av panikk i augo.

– Meg også! kvin Oda.

Den skuldige: Speaker Harald Rishovd tok sjansen på å snikpåmelde dei tre øyfjellsjentene innimellom all organiseringa av shotocupen.

Den skuldige, Harald Rishovd, er styremedlem i Skorve karateklubb, primus motor for arrangementet – og fullt opptatt med å organisere dei yngre utøvarane med kvite og gule belte lenger borte i salen. Tida er knapp, så jentene ristar av seg stresset og stiller opp saman med dei andre. Fire dommarar omringar ein firkant markert med blå teip.

– Oda Rorgemoen Mohaugen!

Artikkelen held fram under annonsen.

Solo: Oda går kataen sin heilt åleine.

Oda går fram til den blå teipen, bukkar, går nokre skritt inn i firkanten og bukkar igjen. Så er ho i gang, ho flyt gjennom rørslene som er drilla inn gjennom mange, mange treningsøkter. Eit avsluttande bukk, og dommarane begynner å bla i poengblokkene sine. Hovuddommaren bles i fløyta, og poenga blir vist til sekretariatet og lest høgt.

Oda bukkar som takk, ryggar nokre skritt, bukkar igjen og er …

– Ferdig! Det var jo ikkje så ille likevel! smiler Oda, tydeleg letta og stolt. Det same erfarer Tilde og Amanda, og dermed er Harald tilgitt. Etter at lagkataen også er gjennomført, kan dei tre blide jentene innkassere to medaljar kvar.

Dobbelt gull: To medaljar kvar til Amanda, Tilde og Oda – ein individuell medalje og ein lagmedalje.