Fullmånen lyste sterkare enn hovudlyktene.

Skitur i ljoset frå mange små lykter – og ei kjempestor

– Eg har kome til 39, ropar Åmund. Han har stått på toppen av den fyrste bakken og talt kor mange som er med på tur denne veka.

Held teljinga: Åmund Frantzen kjem til at me er 39 på tur denne tysdagen.

Det er tysdagskveld og skiføre – det betyr hovudlykttur med Torild Trovatn i Øyfjell. Både himmelen og snøen er blå, berre dela av ei gyllen stripe i horisonten. Gradestokken kryp ned mot -20 når me parkerer ved Øyfjell grendehus og lastar ut ski og stavar.

– Eg har endå ikkje avlyst ein einaste tur, smiler Torild. 64-åringen har kledd seg godt, og på hovudet har ho ei stor lykt med leidning ned til ei veske på korsryggen. Bladfyken kjenner seg trygg på at det i alle fall kjem til å vere ei hovudlykt som greier seg gjennom to iskalde timar på ski.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skikkeleg lykt: Ingen har større lykt på seg enn Torild sjølv.

Ideen om hovudlykttur vart til ein kveld for 20 år sidan, då Torild var ute og gjekk i fullmåneskinn.

– Og då tenkte eg plutseleg at eg burde jo gått på ski.

Dermed samla ho ein gjeng, og dei la i veg på skitur med hovudlykt.

– Det var viktig for meg å få med andre. Ein gjer jo sjeldan slikt åleine, seier Torild.

FBI på tur nummer to

Sidan har det vore hovudlykttur kvar einaste tysdag med skiføre. Dei fyrste åra gjekk dei ofte på den andre sida av bygda også, til Bosstaul eller innover i Brandkvålen. Spesielt minneverdig vart tur nummer to, for då sørga mannen hennar for at NRK vart med.

– Forbrukarinspektørane kontakta Harald (Rishovd, journ.mrk.) for å få ekspertråd om hovudlykter, og ville at han skulle koma til Oslo for å stille opp i programmet. Men då sa han «Nei, de kan koma til Øyfjell».

Dermed kom FBI og vart med på Torilds hovudlykttur.

– Me var ute i timevis, og fyra opp eit megabål inne ved Bosstaul. Klokka blei sikkert 11 på kvelden før me var attende, ler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og så blei det berre ein kort snutt på TV.

39 i kulda

I dag snur me nasen austover frå grendehuset, og tek med oss skia over fylkesvegen for å gå i løypene til Raudsinutan Løypelag. Alt frå parkeringsplassen er me ein stor gjeng, og fleire som bur langs løypa kjem til medan me går den fyrste kilometeren.

Aust for åi: Hovudlyktgjengen kryssar vegen ved grendehuset og går inn mot løypestarten ved Bruhaug.

På toppen av den fyrste stigninga står sjuandeklassingen Åmund og held teljinga.

– 37, 38... 39, mumlar han for seg sjølv. Så ser han Torild nedi bakken.

– Eg har kome til 39, ropar han ned til henne.

– Søren at me ikkje var ein til då, så me blei 40, legg han til.

Det er temmeleg kaldt denne kvelden, men turgjengen er herda. Verken kulde eller uvêr har nokon gong ført til avlysing av hovudlyktturen, fortel Torild.

– I fjor sette me ein slags rekord. Då var me 26 personar på tur i 26 minusgrader.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har vore med så lenge eg kan hugse, seier Åmund. Han trur turane gjev han betre kondis, og det kan han ha rett i. Løypa me skal gå er 7,5 kilometer, og klatrar godt over 100 høgdemeter.

Løypa: Me går traseen som er merka med gult – den er om lag 7,5 kilometer og 100 høgdemeter. Foto: Skjermdump frå Raudsinutan Løypelag, www.loypelag.no.

Ein sprek jentegjeng held god fart oppover bakkane.

– Det er fint å vere sosial med vener og gå på ski, meiner femteklassingen Sanna.

– Eg blir tvinga, seier sjetteklassingen Oda, og venninnegjengen ler i ei sky av frostrøyk.

Sosialt: Erle Vinjerui Bergland (t.v.), Oda Rorgemoen Mohaugen og Sanna Drivarbekk-Åmot er klare for tur.

Nybegynnar og veteran

Men ei som nesten måtte bli tvinga med, er Ladawan Hansen. Ho er opprinneleg frå Thailand, men har budd i Øyfjell i nokre år, der ho mellom anna jobbar på landhandelen til Torild.

– Torild har masa i fleire år om at eg måtte bli med. Og eg er glad i gå på ski, men eg har liksom ikkje våga å bli med på denne turen, fortel Ladawan. I år let ho det stå til, og det har ho ikkje angra på.

– Det er min fjerde gong i dag. Det er kjempemoro!

Nesten tvang: Ladawan Hansen trudde hovudlyktturen var for vanskeleg, men til slutt gav ho etter og vart med. Det er ho glad for.

Litt lenger oppi bakken har tre karar teke ein pause for å nyte utsikta i dei siste restane av dagslys. Sigmund Lid (67) er ein av turveteranane, og i kveld har han med seg både barn og barnebarn på tur.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg bruker å slenge med når eg har høve, og eg var med då turane gjekk til Bosstaul og Brandkvålen også.

Tre karar på tur: Sigmund Lid (t.v.), Kjetil Nordstoga og Thomas Mohaugen.
På med ljoset: Det mørknar og lyktene kjem på.

Mørket kjem krypande medan 78 ski og like mange stavar knasar mot dei frosne løypene. Nede ved ei tjørn nær eit av toppunkta samlast skiløparane. Dette er eitt av tre møtepunkt langs løypa. Torild har slått på kjempelykta si no, men plutseleg sløkkjer ho den att.

– Sjå! Kom hit og sjå!

Fleire lykter vert mørke, og når me kjem bort til Torild ser me fullmånen kikke fram som ei guloransje kjempelykt mellom mørke grantre. Måneskinnet gjer at Raudsinutane lyser kvitt, og snøen rundt oss vert sylvskimrande.

Men det er for kaldt til å stå stille og beundre den gryande månen særleg lenge, så me snur ryggen til han og legg i veg vidare mot det høgaste punktet, som Torild kallar Tiriltoppen.

– Sjå! ropar Torild, og sløkkjer lykta så me ser måneoppgangen betre.

Sjokoladejakt på Tiriltoppen

To små ryggar held god fart framom oss i løypa på veg mot Tiriltoppen.

– Det er andre gongen eg er med, fortel Folke (6).

– Men førre gong fekk eg ikkje tak i sjokoladen. Den dingla så, skjønar du.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fersk: Folke Rorgemoen er ein av dei yngste i hovudlyktgjengen

Bladfyken skjønar ingenting, men på Tiriltoppen vert mysteriet oppklart. Veska på ryggen til Torild inneheld nemleg meir enn eit solid hovudlyktbatteri. Ho har også med ein pose twist, og kvar bit har på førehand blitt utstyrt med ein liten tråd. Torild og ein medhjelpar går litt ned i utforkøyringa frå toppen, og held kvar sin dinglande sjokolade inn over skispora. To og to kjem ungane susande nedover og gjer sitt beste for å få tak i godsakene.

Sjokoladedilemma: Ungane prøver å få tak i ein dinglande twist – noko som ikkje er lett med vottar på. Samstundes er det veldig kaldt utan vottar i 20 minusgrader.

– Ut av løypa, ropar Torild nedover til dei som kosar seg med fangsten midt i sporet. Nokre foreldre sklir ned for å hjelpe, og ungane kjem seg til side i ei røys av stavar og ski. Snart har alle små og mellomstore fanga seg godbitar, og Torild delar ut restane som er att i posen.

Litt meir energi: Ivrige ungar hjelper gjerne til med å tømme godteposen.

Digre påskeegg skapte ny giv

Det er ikkje berre twistfangst på Tiriltoppen Torild driv med for å motivere ungar til å gå på hovudlykttur.

– Det er klart at ryktet går om kva dei har i vente, det er vel litt derfor me har blitt så mange, seier ho med eit lurt smil.

– Rykte om kva?

– Det var slik at for om lag ti år sidan hadde turgjengen krympa veldig, og det var berre tre–fire som var fast med. Men så tok ei av dei faste med seg barnebarna sine. Og då måtte eg jo ordne ein skikkeleg premie til dei flinke ungane, fortel Torild.

Dei fekk kvart sitt digre påskeegg på avslutningsturen den vinteren, stappfullt av godteri. Neste år hadde ryktet spreidd seg, og det vart stadig fleire både små og store med. Dermed måtte Torild innføre visse reglar.

– Dei må gå ei visst tal med turar før det blir premie, understrekar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje ungane må ein gå like mange rundar som klassetrinnet ein er i. Dermed er fyrsteklassingen Folke alt kvalifisert, medan dei eldre ungane må vere med fleire gonger før dei kan innkassere premien.

– Det visste me faktisk ikkje om, ler mor til Folke, Karen Skog.

– Men då får han seg ei hyggeleg overrasking.

Den store premieutdelinga går føre seg på den siste turen, som gjerne er ved påsketider. Då bruker dei å forlate skiløypene og gå skaretur.

– Det er heilt fantastisk når ein kan gå kor hen ein vil. I år trur eg me kan halde på til godt over påske, seier den skiglade turarrangøren.

Ein kilometers nedtur

Men i dag er me i løypa, og alle meterane me har klatra opp, må me også ned.

– No blir det nedover i over ein kilometer, åtvarar Torild bladfyken, som på førehand har gjort det klart at stor fart absolutt ikkje er eit mål.

– Men det er berre den fyrste kneika som er skikkeleg bratt, etter det er det ikkje så gale.

Nedover: Det er over ein kilometer med utforkøyring mot slutten av rundløypa, og inne mellom trea er det skikkeleg mørkt.

Dermed er me nokre som plogar, medan andre, og då særleg ungdommen, tek skøytetak nedover. Ljoskjeglene deira susar rundt svingane og forsvinn i ein halsbrekkande fart.

I botnen etter den siste nedfarten ventar Torild saman med tre gutar. Ho dobbeltsjekkar at dei som er bak oss har med seg foreldre. Me høyrer hyl og barnelatter frå bakkane – små og store som opplever den frydefulle spenninga ved å skli nedover i dei svarte granskuggane og berre sjå ei lita, kvit ljoskjegle framom seg.

– Ofte har me ei samling her, før dei som skal mot Mogen tek av frå løypa. Men i kveld er det for kaldt til det, forklarar Torild.

Lita samling: I det siste løypekrysset seier me takk for turen til brørne Olav (t.v.) og Endre Bjerk Breiseth, som tek av mot Mogen. Olav Christenson Aarhus blir med attende mot grendehuset – men han dreg raskt frå oss med elegante skøytetak.

Så startar ho på siste etappe, langs Vikåi attende mot grendehuset. I løpet av 20 år har ho dela fridomen og gleda ved å setje på seg ei hovudlykt og legge av stad på skitur med mange. Og innimellom kjem turar som den aller fyrste, der fullmånen dankar ut sjølv den kraftigaste hovudlykt der den slepp til.

Etter nokre meter stoppar Torild, sløkkjer den store lykta si, og går vidare langs åi i skinnet frå den største.

Måneljost: Med skogen litt på avstand skin månen som ei sol på siste etappe av hovudlyktturen.